23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

224 KAP. 5.2

Naar derimod en af vore Tiders Philosophis giver sig ud for at vide alting, slutter jeg,

at han veed ingen Ting, og er den Assurance, med hvilken han profiterer sin

Polymathie et tilforladeligt Beviis paa hans Vankundighed. Ligesom det Forsøg Børn

giøre paa at springe over deres egen Skygge, er Beviis paa at de ere Børn. (MTkr I.86,

78.)

Sitatet viser kva funksjon feilslutninga har hos Holberg. Holberg kritiserer dei som er

skråsikre, og han kritiserer ikkje minst disputasen og alt dens vesen, nærmare

bestemt den innbitte viljen ein der finn til å forsvara sine meiningar og gjera

forsvaret usårbart. (Éin stad i MTkr nemner Holberg også feilslutninga ved namn

("Baroco"): "Forsvar dig som en Karl, og lad din Modstander ikke sette dig i Baroco"; MTkr

I.158, 131.) Denne kritikken blir sett fram i ei form - dissertasjonen - som er styrt av

same fornuft som disputasen, og som - bl.a. ved uavlateleg å markera distanse til

vanleg oppfatning - gir rikeleg armslag for det stivsinn og den skråsikkerhet som

Holberg er så kritisk til. Kritikaren Holberg er såleis like skråsikker som dei han

kritiserer, og er i kraft av det ikkje betre sjølv. Men han overskrid seg sjølv ved

feilslutninga, ved at han set seg sjølv "i Baroco". Han får rett, ikkje fordi det han seier

er rett, men fordi han tar feil. På denne måten oppløyser dissertasjonens ratio seg i

ein generell skeptisisme. Det er grunn til å presisera at denne skeptisistiske fornuft

ikkje blir bestemt på grunnlag av kva forfattaren seier om skeptikarane (dei er han -

mildt sagt - "skeptisk" til, jfr. f. eks. Ep 30), heller ikkje på grunnlag av uttrykte

haldningar som kan synast å samsvara med skeptisisme (f. eks. den uoppslitelege

frasen "Herudi vil jeg dog ikke decidere"), men utelukkande som tekstleg

artikulasjon.

Konklusjon

Holberg brukar paradokset på forskjellig vis. Når han omtaler det, er det med

referanse til det som er nytt og uventa, det som er imot vanleg oppfatning, noko

anna enn gammal slendrian, altså noko som peiker framover. I denne tydinga dreiar

det seg om ein klisjé som er nært knytt til moraliseringstanken; å undersøka om sed

og skikk, om det vanlege folk gjer, tenkjer og trur er fornuftig og kan forsvarast som

godt, rett og rimeleg. Når han omtaler paradokset på dette viset, er det underforstått

at han sjølv held stø kurs. Den som taler, har kontroll, og i kraft av si eiga fornuft kan

han vera refsande overfor andre.

Men i tillegg til å omtala paradokset gjer forfattaren også bruk av det i sine

eigne resonnement, som feilslutning. Feilslutningar kan vera meir og mindre

synlege. Dei eksisterer bare i den grad lesaren oppdagar dei. Derfor er det

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!