23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

220 KAP. 5.2

Sandhed, og ikke for at forsvare antagne Meeninger, vilde de være af stor Nytte"

(MTkr I.158, 132-33). I dette ligg eit forsøk på nyansering, differensiering, på ikkje å

sjå alt under eitt, men halda frå kvarandre ting som elles kunne synast like. Men ved

sida av eller parallelt med denne differensieringa er det også ein tendens til å tilsløra

motsetnader, og det er denne tilsløringa som gjer spissformuleringane moglege.

Sentensen i innleiinga seier at den som innrømmer at han er slått, går som sigerherre

frå disputasen. Dette bli gjentatt i utgreiinga:

Enhver vilde holde sig det for en Ære at staae fra sin Meening, saa ofte han anderledes

blev overbeviset: ja en Præses ville ofte clausulere sin Tale med Taksigelse til

Opponentes, at de ved grundige Objectioner havde bragt ham af Vildfarelse; fornuftige

Tilhørere vilde ogsaa Priise ham derfore, og ansee ham nedstige af Cathedra, som en

Overvinder, just fordi han bekiendte sig at være overvunden. (MTkr I.158, 131-32.)

Til grunn for påstanden - at kandidaten er "Overvinder, just fordi han bekiendte sig

at være overvunden" - ligg ein tvetydig bruk av ordet "å vinna", eller til førestillinga

om siger, nærmare bestemt skilnaden mellom på den eine sida å vinna eller nå fram

til ny innsikt og på den andre sida å vinna ordtevling, eller mellom å vinna over seg

sjølv og å vinna over ein motstandar. Teksten tilslører desse skilnadene, og det er i

kraft av denne tilsløringa at det blir mogleg å påstå at tap er siger og siger tap.

Eksempel på feilslutning ved fleirtydighet finn ein også i MTkr I.5. Forutan

opningssetninga ("Studeringer kand deeles udi fornødne, nyttige og skadelige") kan

stykket delast i tre avdelingar, kvar knytt til ein generell påstand: (1) Moral kjem

foran teologi; barn må først gjerast til menneske, deretter til kristne. (2) Bønder

likestilte med filosofar. (3) Når studium blir overdrivne, er dei skadelege. Det er i

første omgang den andre delen eg skal omtala nærmare.

Påstanden om at bønder kan likestillast med filosofar, blir omtalt som eit

paradoks, rett nok ikkje med reine ord, men ved nokså "gjennomsiktig" omskriving:

"Jeg veed vel, at saadan Meening holdes for egen og u -rimelig. Men alt hvad som er

almindeligt, er ikke altid rimeligt". Det er handteringa av skiljet mellom teori og

praksis som gjer den paradokse påstanden mogleg. Skiljet blir først brukt om ulike

tradisjonar innanfor matematikk-faget.

Jeg vil ikkun alleene herved erindre om Vildfarelse hos de ældste Philosophi, i det de

have giort sig langt anden Idée om Mathematiquens Værdighed, end man nu

omstunder giør: thi de have holdet for, at det var en Philosopho u -anstændigt at

bemænge sig med andet end Theorie, og anseet Praxin eller Mechanicam, som

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!