23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

218 KAP. 5.2

spørsmålet: Kva er Gud? Han svarte at jo meir han tenkte på spørsmålet, jo

vanskelegare blei det å finna svar.

Stykket gir først ei utlegging av historia: På grunnlag av Guds verk kan ein

slutta seg til eit vesen som er evig, uendeleg, allmektig, osv. som menneska har gitt

namnet Gud, men som bare kan fattast som ein slik generell idé. Prøver ein å

bestemma dette nærmare, vil ein bare sjå mindre jo meir ein leitar. Med dette tar

Holberg avstand frå ein ytterleggåande fornuftsorientert eller deistisk posisjon i den

aktuelle debatten, som forkastar det som fornufta ikkje kan forklara. Deretter

begynner oppgjeret med ein annan posisjon, antropomorfiseringa av Gud, dvs.

oppfatninga av Gud som menneske, noko Holberg meiner er ein "grov og kiødelig

Concept". Holberg ser Gud som ånd, og han brukar fornufta si til å argumentera mot

antropomorfiseringa og for oppfatninga av Gud som eit åndeleg og noko

ubestemmeleg vesen. Dette gjer han ved å visa til astronomien, der ein finn ei

utvikling frå eit primitivt syn som såg heile universet som skapt for menneskets

skuld, og til eit vitskapsbasert syn som forklarer jorda og vårt solsystem som ein

forsvinnande liten del av eit uendeleg heile. Dette eksemplet er ei utførleg

konkretisering og tydeleggjering av historia om Simonides: jo meir ein utforskar

skaparverket, jo mindre skjønnar ein av det.

Til dette koplar teksten eit to sider langt sitat frå den franske filosofen Pierre

Charron, som i høgstemte ordelag gir uttrykk for at ein overfor Gu ds vesen må gi

avkall på fornuft og fatteevne, og bare bøya seg i avmakt og vørdnad. ("Kundskab om

GUd er en fuldkommen Ignorance af hans Væsen", heiter det bl.a. hos Charron). Charron-

sitatet inneheld ikkje noko nytt i sjølve tankerekka, men gjentar og forsterkar

poenget om fornuftas grenser overfor Guds vesen, og denne gjentakinga skjer i

tillegg i ein høgare stil. Denne passasjen viser Holberg på sitt "mest religiøst

bevægede", seier Billeskov Jansen (Jansen 1938-39, II, 195).

Avslutninga, dvs. det som gjenstår etter Charron-sitatet (85-86), er både i

innhald og form eit brot med det føregåande. Etter det kolossale perspektivet som

jamføringa med astronomien gir, og etter det utførlege sitatet frå den høgstemte

Charron, trekker forfattaren drøftinga ned på eit ganske så prosaisk nivå, der

forfattaren gir uttrykk for småleg irritasjon. Han irriterer seg over folk som i

kvardagen utviser for liten respekt for Gud; dei taler med Gud medan dei er opptatte

av sine daglege gjeremål, skreddaren med saksa si, skomakaren med nåla si. Dvs. dei

pludrar med Vårherre som om det skulle vera kven som helst. Forfataren etterlyser

"Veneration", "behørig Andagt", "højere Stiil". Parallelt med dette får prosaen eit klart

daglegspråkleg preg (86.3-), noko ein ser bl.a. av påfallande tett bruk av 1.

personspronomen ("Jeg for min Part … ", "jeg kand ikke

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!