23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

PARADOKS I HOLBERG-ESSAYET 217

Det skiljet som det her teoretisk blir gjort greie for, er ein gjennomgåande klisjé i

forfattarskapen, ikkje bare i essayistikken. Denne prosaen inneheld ei slags "ideal

fordring"; den søker det ein kan kalla "det hinsidige" ved å gå bakanfor den ytre

framtoninga og leita etter kjernen i tinga. Men på same måten som menneska ikkje

klarer å halda på førestillinga om åndelege ting, har også den som fører ordet i

Holbergs reflekterande prosa sine tilbakefall og ramlar ned i noko høgst konkret og

høgst menneskeleg.

Eit eks. er MTkr I.86. Teksten argumenterer ved hjelp av eksempel for

sentensen "Jo vankundigere et Menneske er, jo mindre holder han en Ting at være u -

muelig, og jo fornuftigere en Mand er, jo frygtsommere og tvivlraadigere er han."

(76) Resonnementet går - som så ofte hos Holberg - ut på å gjera greie for at noko er

annleis enn det synest å vera. Eksempel-argumentasjonen fører oss bakanfor det

umiddelbare inntrykket; den som trur seg eller seier seg å vita alt, veit ingenting.

Men i siste avsnitt skiftar resonnementet karakter.

Tænk ikke, at mit Forsæt udi denne Dissertation er at declamere mod Daarer, thi det

er Folk, som jeg aldeles ikke vil have til U-venner, og det er saavel i Henseende til

deres Mængde, som Importance. Jeg har merket udi andre mine Skrifter deres

Fornødenhed udi en Republiqve, i Henseende til deres Activitet og Resolution. Og er

det i den og adskillige andre Henseender, at jeg heller holder Venskab med en Nar,

end søger at støde ham for Hovedet. (MTkr I.86, 78-79.)

Her styrer resonnementet ikkje lenger mot ei frigjering frå det umiddelbare

inntrykket, men er tvert imot bunde eller fanga av d ette. Når subjektet seier at det

"aldeles ikke" vil ha dårar til uvenner, gir det ikkje uttrykk for nokon ideell eller

"hinsidig", men for ein høgst kroppsleg og dennesidig tanke. Det er plutseleg ikkje

lenger sanning og fornuft, men resonnørens gode skinn eller materielle velvære som

ligg i botn for refleksjonen. Slik er Niels Klim når han er på sitt verste, slik tenker ein

Sancho Panzas eller ein Peder Ruus stort sett heile tida. I sin analyse av stykket

peiker Vibeke Sandersen på at denne siste delen skil seg ut frå dei føregåande delane

også på stilistisk vis. Medan stykket generelt er utforma i periodestil med antitesar,

parallellismar og klimaks, er desse stiltrekka fråverande i siste avsnitt som i staden

har ein meir talemålsprega stil, eller "kollokvialstil", som ho kallar det (Sandersen

1977, 43).

Eit anna eksempel: MTkr I.100. Stykket handlar om fornuftas avmakt overfor

Guds vesen og opnar med historia om Simonides som blei stilt

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!