23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

216 KAP. 5.2

Denne fornufta gjer seg gjeldande, men er det den som rår, som styrer

teksten? Nei. Slik Holberg brukar dissertasjon, inngår den som element i ein figur,

den gjer tydeleg ei dobbelt lesarrolle. Kampens ratio blir undergravd parallelt med at

den blir framheva.

Komisk regresjon (materielt orientert fornuft)

Hos Holberg er både brevet og reiseberetninga skabelonar for paradokset. Men

denne funksjonen går i oppløysing ved at ulike former for fornuft støyter saman eller

avløyser kvarandre. Også dissertasjonen er skabelon for paradokset, men også her er

det avvik, nærmare bestemt to former for avvik.

Det eine er komisk regresjon, eit tilbakefall til ei anna fornuft som er markert

kroppsleggjort. Sancho Panza overtar styringa mens Don Quijote tar seg ein pust i

bakken, eit grep Holberg er grunnleggande fortruleg med frå Peder Paars og

komedien.

MTkr III.40 kan lesast som teoretisering av dette skiljet. Det som Holberg her

undrar seg over, er at mennesket i så liten grad lever i samsvar med si tru. Dette er

merkeleg i lys av at det dennesidige livet er kort, det hinsidige evig. Forklaringa finn

resonnøren i at det nærverande gjer sterkare inntrykk på menneska enn det som

ikkje er nærverande. Ettersom mennesket er skapt av kjøt og blod, virkar kroppsleg

straff og løn sterkare enn åndeleg straff og løn; menneska ser ikkje åndelege ting som

realitetar, bare det dei kan ta og føla på. Dette veit falske profetar å utnytta; dei

konkretiserer førestillingane om himmelriket, og gir det innhald som samsvarer med

dei førestillingar om materielt og kjødeleg velvere som folk har. Slike førestillingar

varierer frå folk til folk, noko teksten konkretiserer med satirisk forminsking.

Ingen haver taget dette meer udi agt, end Mahomed. Den samme havde nøje

udstuderet Arabernes Tilbøjelighed, nemlig, at de funde størst Vellyst udi kiølige

Vinde, udi rindende Bekke, udi Viin og Fruentimmer, og derfore haver opfyldt alle

Himmeriges Værelser med slige vellystige Ting. Det er derfore troeligt, at, hvis

samme Prophet havde stiftet en Religion i andre Lande, havde han i det andet Liv

lovet andre slags Vellyster og anden slags Spiise: han vilde, for Exempel, have lovet

Engelænder et Paradiis, forsyned med saftig Oxekiød: de Franskes Paradiis skulde

være bleven opfyldt med Urter og Hvedebrød: de Hollænderes med stoppede

Tobakspiber: de Tydskes med kraftig Brunsviger Mumme: de Spaniers med

Lehnstoele, hvorudi de Troende skulde sidde med Hænderne i Kaars: for de Danske

havde han fabriqveret et Himmerig af Smør; og udi det Moscovitiske Himmerige

skulde Aqvavit-Floder have passeret. (MTkr III.40, 259-60.)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!