23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

PARADOKS I HOLBERG-ESSAYET 215

og bare ved eksplisitt spesifisering refererer til lærde avhandlingar (Sandersen 1977).

Denne oppfatninga er rimeleg forsåvidt som stykka i MTkr og Ep er skriflege

utgreiingar tiltenkte eit alminneleg opplyst publikum, og ikkje lærde utgreiingar som

forfattaren har lagt fram og forsvart for eit akademisk forum. Men dissertasjonen gjer

seg likevel gjeldande som sjanger; stykka rommar ei sjølvforståing som høyrer til -

eller ligg nær opp til - den lærde avhandlinga. For det første i kraft av markeringa av

oppgåva som vanskeleg. For d et andre ved å profilera standpunktet som filosofisk-

vitskapleg, dvs. som noko anna og betre enn det menigmann kan prestera. Det er tale

om å sjå saka "med philosophisk Øje" (MTkr I.1, 23), slik som ein "ret Philosophu s"

(MTkr II.96, 224) eller ein "sund Philosophie" (MTkr III.41, 268) vil sjå den.

Jeg bekiender, at det Argument, en Huusfader betiener sig af, haver et stort Skin, ja

saa stort, at det hos meenige Mand passerer for et u -imodsigeligt Motiv. Men, naar

man anseer det med Philosophisk Øje, er det ikkun en u -ægte Farve, som her bruges

til at skiule en og den samme Skrøbelighed. […] Jeg vil ikkun alleene sige dette, at en

grundig Philosophus lader sig ikke afspise med saadant Argument. (MTkr I.1, 23-24.)

For det tredje ved paradokset som tankefigur; påstandane som blir sette fram,

går på tvers av det folk flest meiner. Det er verd å merka seg at ordet "Dissertation"

til dels blir direkte knytt til denne tankefiguren:

Jeg haaber, at, hvis man vil give sig Taalmodighed til at igiennemlæse den heele

Dissertation [dvs. den føreliggande teksten], man vil finde, at, endskiønt mine Tanker

herom ikke fortiene alles fuldkomne Bifald, saa vilde de dog ikke findes saa u -

grundede, som de synes ved første Øjekast. (MTkr I.83, 62)

Vel er sant, at man kand anføre adskillige Exempler, som synes at kunde svække

denne min Dissertation […]

Nogle maaskee ville vel dømme ilde om denne Dissertation, og ansee den som et

Moralsk Kietterie (MTkr II.1, 164)

Jeg tvivler ikke paa, at vore Tiders Alamodiske Moralister jo ville finde Afsmag saavel

udi denne, som udi mange andre Dissertationer udi dette Verk. (MTkr IV.20, 324.)

For det fjerde ved bruk av krigs- og kampmetaforikk i omtale av dei ulike

posisjonane i ein debatt. Det er gjennomgåande tale om å fekta, gå frå skanse til

skanse, osv.

På denne måten manifesterer Holberg-essayet kampens ratio: siger. Det at

denne fornufta gjer seg gjeldande, er den viktigaste funksjonen ved bruk av

dissertasjon som sjanger.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!