23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

214 KAP. 5.2

om eit eller anna emne, bl.a. om eit stykke i MTkr eller om ein epistel i Ep, og dels om

ei lærd avhandling med teser som det er meininga skal forsvarast for eit akademisk

forum (altså synonym til "Disputatz").

Både i sin generelle bruk og slik Holberg brukar ordet, refererer det altså

vanlegvis til skriftleg utgreiing. Men det har munnleg diskusjon som opphavleg

tyding. Og når det spesifikt refererer til lærd avhandling, peiker det samstundes

fram mot ein påfølgjande munnleg diskusjon. Og straks diskusjonen blir assosiert

med auditoriet, blir parallellen til øvingsretorikken tydeleg. For det første ved at

også dissertasjonen fortrinnsvis trekker til seg emne og problemstillingar som

representerer noko som er nytt, ukjent, oppsiktsvekkande, vanskeleg. Det som er

velkjent, det alle er samde om, er ikkje noko å slåss for og eignar seg dårleg for ein

dissertasjon. For det andre ved at også dissertasjonen skal gi prøve på utøvarens

evne til å turnera sitt fag. Diskusjonen i auditoriet viser talespråket som

kamphandling i ei svært reindyrka form. Det er dette karakteristiske trekket som

Holberg overdriv i Peder Paars I.3, der kampen i auditoriet går over sine bredder og

blir fysisk krig, med tunge og beslaglagte foliantar som våpen.

MTkr brukar ordet 'Dissertation' 24 gongar, i omtale av både eigne og andres

verk. Når det er tale om andres verk, førekjem ordet også med spesifikk referanse til

lærd avhandling, gjerne noko nedsettande:

Materien kunde ellers give Anledning til en grundig og vitløftig Dissertation. (MTkr

I.6, 34)

Thi de fleste saa kaldne lærde Dissertationer giøres enten over det, som ingen

forstaaer, eller det, som ingen er magtpaaliggende at vide. (MTkr I.5, 41)

Når ordet blir brukt sjølvreferensielt, tyder det oftast bare skriftleg utgreiing

generelt; "denne Dissertation" tyder bare 'dette stykket' (i MTkr).

Derom vil jeg ikke meere tale, men slutte denne Dissertation med en rar

Anmerkning […] (MTkr I.81, 56)

Denne korte Dissertation tillader ikke at tale omstændigen herom (MTkr III.85, 295).

Dette kan gi inntrykk av at når ordet blir brukt sjølvreferensielt og sjølvinklusivt, så

inneber dette ei sjølvforståing av stykka som alminnelege skriftstykke og ikkje

spesifikt lærde utgreiingar. Ei slik oppfatning er nedfelt i Holberg-ordbog, og blir

delt av Vibeke Sandersen som hevdar at ordet tyder skriftleg utgreiing generelt,

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!