23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

PARADOKS I HOLBERG-ESSAYET 213

forskjellige øvingane i progymnasmata går ikkje bare frå det enkle til det meir

kompliserte, men også frå allmenne til spesifikke problem, og frå fiktive til faktiske

tilfelle, dvs. endar med konkrete problem, mest mogleg like dei som den framtidige

talaren vil møta i sin praksis. Innanfor deklamasjonsøvingane, som høyrer til det

høgaste eller mest avanserte trinnet i skoleretorikken, speler epideiktiske talar liten

rolle, medan deliberative (suasoriae) står høgare og stridstalane (controversiae) øvst på

rangsstigen. Dei siste blei rekna for å vera mest krevjande. Både stridstalane og

overtalingstalane henta modellar frå historiske konfliktsituasjonar, dvs. frå tilfelle

der eit vanskeleg problem melder seg, og der talen som eleven utarbeider, skal vera

eit svar på dette problemet. F. eks.: "En venn gir Cicero råd i farens stund - skal han

be Antonius om nåde, flykte til Brutus, brenne sine skrifter, eller gå en edel død i

møte?" (Andersen 1995, 251.)

For det andre er øvingsretorikken kamporientert ved å framelska konkurranse

i undervisningssituasjonen. Øvingane tar sikte på å visa fram dugleik i bruk av

retorikkens instrumentarium; dei er styrkeprøver, dvs. dei er interessante og

oppsiktsvekkande i den grad dei stiller utøvaren overfor vanskelege oppgåver; å

forsvara eit dristig standpunkt, å få til det som synest umogleg. Det er om å gjera å

vera den beste i klassen, å visa at ein meistrar faget på fullkomme vis.

Her er ein dobbel kommunikasjonssituasjon, eit dobbelt sett av roller for

sendar og mottakar. Den som taler, simulerer, f. eks. ein historisk person som i ein

kritisk situasjon må ta ei vanskeleg avgjerd, gi råd, forsvara ein tiltalt e.l. Samstundes

er han i auditoriet saman med lærarar og medelevar. Her er to kampsituasjonar, den

eine (den historiske situasjonen) er simulert, den andre er reell (framsyning av

språkleg, intellektuell, retorisk dugleik). Kampens ratio - som er siger - rår begge

stader.

I historisk perspektiv kryssar ordet dissertasjon grensene mellom tale og

skrift. Det latinske substantivet dissertatio tyder 'utvikling, utgreiing, framstilling',

medan verbet dissero, som ligg til grunn for substantiveringa, peiker tydelegare mot

talespråk: 'å utvikla (tankar i ord), drøfta, halda tale om'. I engelsk har det

substantiverte ordet ei forelda og ei moderne tyding; før var tydinga 'diskusjon,

debatt', medan den moderne bruken viser til "an extended usually systematic oral or

written treatment of a subject", og denne har igjen ein spesifisert variant: avhandlin g

som skal forsvarast for eit akademisk forum. Holberg-ordbog har ei todeling som

reflekterer skiljet mellom generell og spesifikk referanse. Ordet blir dels brukt om ei

kort eller lang skriftleg utgreiing

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!