23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

PARADOKS I HOLBERG-ESSAYET 211

behandlingen jeg var blitt utsatt for fra kvinnehold - og renvaske meg for all den

dritten kvinnene ved gjentatte anledninger hadde kastet på meg. (Niels Klim, 119.)

Motsetnaden mellom dei ulike rollene Niels har som gestalt for paradokset og

som opportunist, svekkar ytterlegare illusjonen om ein person. Romanen gir ikkje eit

heilskapleg bilete av Niels, verken som ein som lærer av sine erfaringar eller som

opportunist, og heller ikkje som ein ustadig person som svingar mellom det eine og

det andre. Det er så store motsetnader knytt til personen, og desse er så forstyrrande,

at fiksjonen brest. Også handlinga er det problematisk å sjå som ein heilskap. Rett

nok er handlinga avgrensa som ein heilskap ved byrjing og slutt på reisa, og det er

fleire frampeik som vitnar om overblikk, særleg siste del blir fortalt med

overskodande distanse. Men viss ein vel å legga vekt på den rolla paradokset som

tankefigur speler i forteljinga, dvs. ser dette som berande element i boka som

heilskap, blir det vanskeleg å halda på illusjonen om ei heilskapleg handling.

Teksten er fragmentert. Den rommar ulike typar fornuft. Den tar spørsmål

opp til drøfting gjennom paradokset som tankefigur, samstundes motiverer den

hovudpersonens handlingar på komisk vis ved å framstilla han som opportunist.

Dette kan sjåast som veksling mellom ulike tenkemåtar, ulike "fornuftar" som

avløyser og oppløyser kvarandre.

Avhandling som sjanger i Moralske Tanker

Vekslinga som ein finn i Niels Klim mellom to slags fornuft er eit viktig element også i

MTkr. I MTkr er ei slik veksling knytt til bruken av avhandlinga som sjanger.

Walter J. Ong ser den sterke posisjonen retorikkvitskapen har hatt heilt opp

til romantikken som eit teikn på kor sterk kjensla for det opprinneleg munnlege

språket har vore. Han peiker på to karakteristiske trekk ved denne kjensla; for det

første oppfatninga av språket som knytt til kamp og strid, for det andre oppfatninga

av språket som ei samling formular. Språket som formular er i retorikkens

terminologi læra om stadene, topikken, dvs. lister over argument som kunne komma

til nytte i gitte situasjonar. At språket blir knytt til kamp og strid viser seg ved at

retorikken i det vesentlege er antitetisk. Som hjelpedisiplin for rettstalaren eller den

politiske talaren er teorien primært innretta på kampsituasjonar, situasjonar der

talaren står overfor sin motstandar og hans argument. Talekunsten er ifølgje Ong

djupt forankra i kampsituasjonar, og utviklinga av den kolossale retoriske

tradisjonen i vest må sjåast i lys av viljen

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!