23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

210 KAP. 5.2

deretter aksepterande, osv. Overraskinga fører til ettertanke som fører til ny innsikt.

Dette forløpet blir gjentatt i sak etter sak som er oppe til drøfting.

Men viss ein prøver å danna seg bilete av Niels som person eller handlinga

som heilskap, blir dette mønsteret problematisk. Ein illusjon om person og handling

krev at den lærdommen Niels tileignar seg ved eit gitt tilfelle, nedfeller seg som

forventning ved neste korsveg. Altså ei utvikling der Niels endrar seg på grunn av

dei til dels sterke inntrykka han mottar. Men ei slik form for heilskap er det ikkje i

Niels Klim; Niels lærer og lærer, men er som regel like grønn når nye saker dukkar

opp. På sett og vis er det ikkje Niels som rører på seg; han er ei fast form som alle

reiseerfaringane strøymer igjennom: overraskinga er "munnen", ettertanken er

"magen", ny innsikt er "avløpet". Og så er han kvitt det. Teksten gir eit flimrande og

draumaktig inntrykk, seier Kjell Heggelund, og eksemplifiserer dette med oksebrølet

som skremmer Niels i opninga av romanen; straks oksen har gjort sitt brøl, er han

ute av soga, glir bort som i ein draum (Heggelund [u. å.], 12). Slik er det også med

det Niels lærer undervegs; først lærer han, men like etterpå er det han har lært viska

vekk. Som litterær skapning er Niels ein tankefigur, ikkje eit menneske.

Denne påstanden er dekkande for store delar av romanen, men må likevel

modererast. Det gir ikkje uttømmande beskriving å sjå handlinga bare på grunnlag

av paradokset som tankefigur og Niels som gestalt for denne figuren. Handlinga er

for ein del også motivert i ein illusjon om Niels som person. Ved sidan av å gi gestalt

til paradokset har Niels også menneskelege trekk, nærmare bestemt altfor

menneskelege trekk. Han kan vera både opportunistisk og manipulerande. Eit

eksempel er det framlegget han gjer om å utelukka kvinner frå statstenesta i Potu.

Den uttalte grunngjevinga er å betra forholda i samfunnet.

I Coklecu hadde jeg opplevd at samfunnet ble utrygt å leve i når forfatningen åpnet

adgang for kvinner til alle stillinger, for siden de av natur er forfengelige forsøker de å

få mer og mer makt - og gir seg ikke før d e har skaffet seg absolutt herredømme (Niels

Klim, 118-19).

Men dette er bare ei påklistra forklaring som skjuler hans grunnleggande motiv:

Forslaget skulle røpe min dyktighet og klokskap, og bli utgangspunktet for min

karriere. […] Forslaget skulle føre til at jeg fikk hevn for den urimelige

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!