23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

12 KAP. 1

generelle refleksjonar om essayet (f. eks. Aadland 1982, Linneberg 1992a). Det er

ikkje nødvendig å gjera detaljert greie for dette her. Eg skal nøya m eg med å trekka

fram to arbeid som er særleg relevante for mi eiga utgreiing.

I essayet "Språkets forkledning" (frå 1991) gir Kjartan Fløgstad svar på den

kritikken som bl.a. Gill-biografien Portrett av eit magisk liv (1988) og bedriftshistoria

Arbeidets lys (1990) blei møtte med. Kritikken går kort fortalt ut på at forfattaren tar

seg for stor kunstnarisk fridom og i for liten grad forpliktar seg på historiske

kjensgjerningar. Kritikken inneber såleis polarisering mellom forfattarens rolle og

historikarens rolle. Dette avviser Fløgstad - med referanse til Jacques Derrida - som ei

logosentrisk førestilling. Derrida kritiserer førestillinga om talen som eit meir direkte

uttrykk - altså ein kortare veg til tanken - enn skrifta. Dette er ein illusjon som har ein

både lang og sterk tradisjon i vesterlandsk kultur, og som reduserer skrifta til å vera

bare nedteikning av den allereie meiningsberande talen, dvs. som eit annanrangs

medium. Som korrektiv tar Derrida prinsippet om arbitraritet (frå lingvistikken) på

alvor. dvs. prinsippet om ein umotivert relasjon mellom uttrykkssida og

innhaldssida i språket, anten uttrykket blir realisert i tale eller skrift.

Når vitskapsfolk vektlegg historiske kjensgjernin gar, korrekte opplysningar,

nakne fakta, plasserer dei seg ifølgje Fløgstad ofte umedvite på talens plass i dette

hierarkiet. I motsetnad til desse vitskapsfolka er forfattarane medvitne om at det dei

skriv, er skrift, dei er medvitne om at skrifta er namn på ein framandgjerande

prosess som er ibuande språket.

Forfattarane arbeider på skriftas nivå, der språket ikkje berre uttrykker tankar og

kjensler, men tenker og kjenner sjølv. Denne klangbotnen i veggen av ord kan virka

både forvirrande og provoserand e på ein humanistisk tradisjon som utan vidare

hevdar eit priviligert forhold mellom tanke og tale. […] Gjennom vår skrivepraksis

har vi som forfattarar møysommeleg lært oss at vi har språkets skriftlege forkledning

som vilkår, ikkje som noko gjennomsiktig avtrykk for vår intensjon. (Fløgstad 1996,

259.)

På denne måten erstattar Fløgstad ei polarisering mellom vitskap og (skriftleg)

framstilling med ei anna polarisering, nærmare bestemt mellom to forfattarroller, ei

inndeling som minner om - men som ikkje er identisk med - skiljet mellom forfattar

og skribent hos Roland Barthes.

Arild Linneberg stiller på liknande vis særleg litteratur-kritikken i fokus. Dette

kjem for det første til uttrykk i hans eigen skrivepraksis der han ofte med merkbare

litterære grep bryt med det tradisjonelle kravet om objektivitet og nøytralitet. For det

andre forsvarer han sin posisjon med argument som er

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!