23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

PARADOKS I HOLBERG-ESSAYET 207

Markeringa av oppgåva som vanskeleg å gjennomføra er svært tydeleg i dette

stykket, men samstundes representativ for boka som heilskap. Dette gjer eg nærmare

greie for i det følgjande.

Sjanger

Holberg utnyttar formene slik at dei stiller seg til teneste for paradokset. I Ep 69 er

brevforma gestalt, i andre delar av forfattarskapen bruker han andre gestaltar,

dissertasjonen i MTkr, noko eg kjem tilbake til. Først ein omveg om ein annan

sjanger, reiseberetninga Niels Klim.

Niels Klim

Paradoksografi-tradisjonen frå den antikke romanen har nedslag hos Holberg i delar

av historieverka og i Niels Klim.

Når Holberg skal karakteriserast som historiograf, er det særleg tre ting som

blir framheva. (1) Kjeldekritikken blir på Holbergs tid etablert som tradisjon i faget.

Kjeldekritikken har fleire talerøyr blant Holbergs samtidige, først og fremst

professorkollega Hans Gram. Men Holberg sjølv sluttar seg ikkje til den nye flokken;

han høyrer heller til den gamle sekt. Han bruker alle moglege kjelder, kan til tider

også vera kritisk til desse på kjeldekritisk vis, men avgrensar seg ikkje til ein slik

metode. Derfor er Saxo god nok kjelde for den gamle nordiske historia og evangelia

gode nok for den tidlege kyrkjehistoria; begge fortel som kjent om mirakel og

utrulege hendingar. (2) Utvidinga av historiebegrepet under opplysninga blir gjerne

knytt til namnet Voltaire. Med hans historieverk (Siècle de Louis XIV, 1751, og Essai

sur les mœurs et l'esprit des nations, 1756) kjem historiografien til å handla ikkje bare

om kongar og krigar, men også om samfunnsinstitusjonar, om utdanning, handel,

rettsvesen, osv. Også Holbergs historiografi er prega av eit slikt utvida

historiebegrep. Dette ser ein allereie i Dannemarks og Norges Beskrivelse - dvs. før

Voltaire - og seinare i dei spesialiserte historieverka (Jødiske Historie og Almindelig

Kirke-Historie). (3) Holbergs fremste eigenskap som historikar er evna til å syntetisera

og laga ei ledig, underhaldande og samanhengande beretning på grunnlag av eit

enormt materiale. Historieverk som folk flest kunne og ville lesa, var det på hans tid

ennå ikkje tradisjon for.

Slike generelle karakteristikkar kan sjølvsagt ikkje gi dekkande bilete av

Holberg som historiograf. Biletet er langt meir nyansert, for ikkje å seia

motsetnadsfylt. Holberg kan tala til dels heftig imot historieverk som bare er

opptatte av kongar og krigar, men står sjølv innanfor ein konge-orientert

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!