23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

PARADOKS I HOLBERG-ESSAYET 203

Det er ein sentral påstand i dette arbeidet at teoretiserande omtale er eit

berande element i MTkr. På bakgrunn av det skulle ein kanskje venta at sjølve ordet

'paradoks' blir nemnt både titt og ofte. Nå skjer dette bare 19 gongar, fordelt på

"Forberedelse" og 13 stykke. Men i tillegg kjem dei mange tilfella der referansen skjer

i ei omskriven eller perifrasert form. "Jeg veed vel, at saadan Meening holdes for

egen og u-rimelig. Men alt hvad som er almindeligt, er ikke altid rimeligt" (MTkr I.5,

40). I dette tilfellet er omskrivinga så tydeleg at den kan reknast som synonym til

ordet. Meir vanleg er at teksten på noko vagare vis indikerer eit medvit om at dei

påstandane som blir sette fram, er mot vanleg oppfatning, at dei spørsmål som blir

reiste, er eller synest ufattelege. På denne måten stråler eit medvit og ei sjølvkjensle

som er karakteristisk for den teoretiserande omtalen, ut i alle delar av denne

prosaen. Denne sjølvkjensla får eit langt større omfang enn den eksplisitte nemninga

av ordet 'paradoks' tilseier.

Dette er det umogleg å gjera greie for i alle detaljar. Eg skal derfor avgrensa

meg til to sentrale grep. Det eine er formuleringa - eller formularet - "Dette tage Folk

dog gemeenligen ikke i agt". Det andre er markeringa av paradokset som prestasjon,

ei oppgåve som er vanskeleg å gjennomføra.

Tidleg i MTkr III.6 finn ein formularet "Dette tage Folk dog gemeenligen ikke i

agt […]". Det kjem i forlenging av to påstandar; den eine seier at sjukdom verkar inn

på humøret, den andre at denne påverknaden skjer i varierande grad, dvs. at sinnet

blir påverka alt etter kva plage ein har, kva del av kroppen som er sjuk. Det som folk

vanlegvis ikkje aktar tilstrekkeleg på, er kva plager som ligg til grunn for

temperament og lynne. "[… E]en lastes for Utaalmodighed, efterdi Milten er

besværget; og den anden roeses for Taalmodighed, efterdi de ond e Vædsker sidde

udi Fødderne", men "Last og Roes er her lige ilde grundede" (MTkr III.6, 236).

Folk flest tar altså feil. Forfattaren påpeiker feilen, og taler i kraft av det mot

vanleg oppfatning. Formularet "Dette tage Folk dog gemeenligen ikke i agt […]" er ei

markering, ei omskriving og ei påminning om paradokset.

Denne analysen av innleiinga til MTkr III.6 kan utvidast i to retningar, til

stykket som heilskap og til boka som heilskap.

Det aktuelle stykket har ein serie av varierande gjentakingar av setninga

"Dette tage Folk dog gemeenligen ikke i agt […]". I lys av at stykket er kort, kan ein

seia at desse gjentakingane ligg tett og har ein framtredande plass i utgreiinga. Her

er dei viktigaste stadene.

[…] men Folk fremture ikke desmindre udi d eres vrange Domme (MTkr III.6, 236).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!