23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

202 KAP. 5.2

Henseende at jeg recommenderer paradoxe Meeninger: thi, naar de samme med Grund

og Skiønsomhed blive udførte, kand de samme ansees som nye og nyttige Decouverter

[…]. (MTkr "Forberedelse", 19.)

Omtalen av paradokset i MTkr "Forberedelse" er parallell til den ein finn i Ep

69. På same måten som epistelen er kommentar til Holbergs reflekterande prosa eller

forfattarskapen generelt, er "Forberedelse" kommentar til MTkr som heilskap. Viss

ein las denne innleiinga som lausriven poetikk, skilt frå - og som noko anna enn - dei

påfølgjande enkeltstykka av MTkr, kunne problemstillinga intensjon-realitet blitt gjort

gjeldande. Men på same måten som i Ep 69 er det også her vanskeleg å skilja mellom

teori og praksis. Omtalen kan ikkje viklast u t av bruken; den er ikkje isolert frå

praksis, men del av praksis, og del av tekstens artikulasjon.

Teoretiseringa av paradokset i "Forberedelse" peiker ut i dei påfølgjande

enkeltstykka, både ved at desse praktiserer dét "Forberedelse" omtaler, men også ved

at teorien frå "Forberedelse" blir gjentatt i enkeltstykka. Sagt annleis: I dei enkelte

stykka har praktiseringa eller bruken av paradokset klare element av omtale eller

teoretisering. Vanskane med å skilja mellom teori og praksis dreiar seg såleis meir

spesifikt om at omtalen eller teoretiseringa av paradokset utgjer eit berande element i

boka som heilskap.

Når MTkr brukar ordet "paradoks" utanfor "Forberedelse", skjer dette med

referanse til begge hovudtydingar (som Holberg-ordbog opererer med og som ein

finn i både Ep 69 og MTkr,"Forberedelse"). Såleis avviser MTkr III.74 tvungen eller

"udpisked" kjærleik ved å kalla den "et Paradox og en rar og selsom Egenskab" (283),

mens MTkr II.90 brukar ordet om det som er mot vanleg oppfatning: "Denne Materie

er […] paradox; thi der disputeres mod en almindelig Meening […]" (208). Skiljet

mellom dei to hovudtydingane kan nok sporast her og der, men er ikkje noko MTkr

legg vekt på i og for seg. Viktigare er det at ord et - utan omsyn til dette skiljet - blir

brukt om det som er eller synest ufatteleg, vanskeleg å begripa. MTkr III.40 taler

såleis om "et Paradox, som er vanskeligt at begribe" (258) og MTkr III.77 om eit

paradoks som "aldeles ikke" kan "hæves" (287). Spørsmålet som i slike samanhengar

melder seg, er om det ufattelege likevel kan fattast. Eit ja peiker på paradokset som

prestasjon; med sjølvkjensle kan forfattaren tala om dei paradoks han har "udført"

(MTkr I 83, 62). Eit nei, derimot, viser til fornuftas grenser. "Jeg drister mig ikke til at

sige, alle Hoveder at være af lige Capacitet: thi det var et Paradox, som vilde blive

vanskeligt at udføre" (MTkr II.41, 174).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!