23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Paradokset i Moralske Tanker (og Niels Klim)

PARADOKS I HOLBERG-ESSAYET 201

I omtalen av Ep 69 har eg forsøkt å gjera greie for det spesifikke innhaldet i epistelen

i tre hovudpunkt, - (1) utviskinga av skiljet mellom teori og praksis, (2) brevforma og

(3) spenninga mellom kontroll og feilslutning. Til desse er tilføydd tre andre punkt -

prosessualitet, lesarrolle, diskurs - som på kvar sin måte forklarer tekstens

dynamikk. Denne analysen er representativ for paradokset i MTkr som heilskap.

Dette gjer eg nærmare greie for i det følgjande, under overskriftene "Teori-praksis",

"Sjanger" og "Feilslutning". Det andre av desse punkta ("Sjanger") omfattar også

analyse av Niels Klim og har såleis eit breiare nedslag i tilfanget enn kva ei

tradisjonell avgrensing av Holbergs reflekterande prosa skulle tilseia. I innleiinga

(ovanfor) er ei slik utviding grunngitt med at det er flytande grense mellom den

forteljande og den reflekterande delen av forfattarskapen. (Dette rettferdiggjer ei

opning mot den såkalla sjølvbiografien i kap. 4.3 ovanfor). Når det dreiar seg om

paradokset, kan utvidinga grunngjevast med særleg to omsyn. For det første at

paradoksbegrepet eit stykke på veg kan forklara grensene mellom den reflekterande

og den forteljande delen av forfattarskapen som uklare, for det andre at omfanget av

sjølve paradoksbegrepet - eller paradoksbegrepa - på denne måten blir tydelegare.

Teori-praksis

Innleiinga til MTkr ("Forberedelse") omtaler paradokset, og brukar ordet i begge

hovudtydingar som gjer seg gjeldande elles i forfattarskapen. I éin og same sekvens

blir begge tydingane artikulerte:

[…] at giøre Laster og U-dyder til fornødne Ting, er et u -blue og u-rimeligt paradox. I

det øvrige anseer jeg paradoxe Meeninger af stor Nytte, og derfore selv ikke haver

taget i Betænkning ofte at gaae af den alfare Vej, og at efterforske adskillige

almindeligen antagne Meeningers Adkomst. (MTkr "Forberedelse", 20.)

Til skilnad frå Ep 69 utdjuper "Forberedelse" paradoksets nytte ved hjelp av ei

jamføring mellom filosof og orator; paradokset blir nærmare bestemt knytt til

filosofens ransakande tanke.

Jeg holder for, at det fornemmeligen er en Philosophi Pligt at examinere antagne

Meeninger, om de ere vel grundede eller ey. Thi at opkaage hvad som 100 gange

tilforn er talet og omskrevet, er ikke at lære; men at declamere. At commentere over

Ødselhed, Gierrighed og andre bekiendte Lyder, er ikke andet end Opmuntringer,

som tilhøre Oratores og Prædikantere at giøre. Men at giøre Decouverter, at viise

hvorledes Skyggen tages for Legemet, og hvorledes Lyder confunderes med Dyder, det

er ret at agere en Lærer, og at efterleve en Philosophi Pligt. Det er i den

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!