23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

200 KAP. 5.2

teksten, nærmare bestemt å antyda at resonnementet er subjektivt eller

subjektivistisk, gjort av eit menneske på denne jord og ikkje av ein tankemaskin, at

det er knytt til ein gitt situasjon og ikkje svever fritt utanfor tid og stad. "Sanning

framstår alltid berre prosessuelt og ved handling, aldri som avslutta og endeleg

erkjenning", seier Gerhard Haas (Haas 1982, 232). Avslutningsvis blir brevforma eller

brevfiksjonen utnytta på same måten.

Jeg vil dog ikke gierne, at dette mit Paradox bliver andre bekiendtgiort; thi, saasom jeg

holder Venskab med Matroner og Jomfruer, saa vil jeg ikke aabenbare erklære mig

mod deres Favoriter (Ep 69, I, 297).

Lesarroller

I det siterte utdraget om nyttige og unyttige paradoks finn ein to lesarroller. Begge

desse blir både omtalte og praktiserte.

Omtalen skil mellom nyttige og unyttige paradoks. Det nyttige paradokset er

sanninga som opplyser verden, som avslører det urimelege (i inngrodd

vanetenking). Det unyttige paradokset er løgna eller villfaringa som gir høve til å

etterforska ting, som ventar på å bli avslørt som urimeleg. Her er to lesarroller;

kommunikativ meddeling på den eine sida; oppløysing av kommunikativ meddeling

på den andre sida.

Desse lesarrollene blir i tillegg praktiserte. På den eine sida meddeler epistelen

sanninga, på den andre sida oppløyser den si eiga meddeling ved feilslutningar og

unyttige paradoks. Teksten instruerer lesaren til både "passivt" å ta imot det den

forkynner og "aktivt" å avsløra dette.

Diskurs

Ved spenninga mellom dei to lesarrollene blir ein var teksten som diskurs, kven det

er som taler til kven. Tekstens eksplisitte subjekt, den som seier "eg", skaper inntrykk

av å vera den som fører ordet, men gjer seg gjennom overdriving og feilslutning til

"fabel". På den måten går hans stemme i oppløysing som autoritativ røyst; han taler

ikkje, men blir "talt". I denne oppløysinga blir ei anna stemme merkbar; den kjem

sakte og gradvis fram, på same måten som når dei første konturane blir synlege på

eit foto i fikserbad.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!