23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

INNLEIING 11

Johannesen reiser spørsmål om Holberg-essayets aktualitet for vår tid ved å

relatera det til fire ulike tradisjonar i Norge anno 1977. Det er ikkje p.g.a. sine meir

eller mindre dristige meiningar at Holberg har aktualitet, heller ikkje fordi han fører

ein elegant penn, om nokon skulle meina det. For det tredje kan ein ikkje ta Holberg -

essayet "til inntekt for" akademisk prosa; Holberg stiller seg heller kritisk til "det

formale pseudoessay i akademisk forvaltnings- eller profesjonaliseringsprosa"

(Johannesen 1977, 125). Då står bare ein fjerde mulighet tilbake: ein nyare

samfunnsvitskapleg tradisjon, med namn som Jon Hellesnes, Hans Skjervheim, Dag

Østerberg o.a. Det er her Holbergs essay held fram som levande tradisjon.

Denne konklusjonen er eg ikkje eining i. Etter mitt syn er det urimeleg å påstå

at tradisjonen frå Holberg bare blir vidareført innanfor den samfunnsvitskaplege

tradisjonen som Johannesen her refererer til. Eg er heller ikkje så sikker på om dei

namna han viser til, kan plasserast i Holberg-tradisjonen på så eintydig vis som han

gjer. Men den diskusjonen er det ikkje nødvendig å gå nærmare inn på her.

Johannesen etterlyser ei interesse for essayet i litteraturforskinga (Essayet i

Norge, 7) og taler ved det for eit utvida tekstbegrep. Men det essay-begrepet han sjølv

profilerer, er ikkje desto mindre eksklusivt - noko som ikkje skal oppfattast i negativ

tyding - og her er eit svar på spørsmålet om på kva måte desse tekstane vedkjem oss:

Fordi - eller i den grad - det er spørjande, undersøkande, dialogisk, og framfor alt

fordi språket utgjer tekstens substans, dens innhald, og såleis er alt anna enn ein meir

eller mindre kledeleg bunad for ein allereie ferdig tanke. Om Holberg-essayet seier

Johannesen: "Farligere og viktigere enn innholdet (tankene) er formen

(tankeprosessen)".

Dette fenomenet har vært kalt prosessualitet [her er det tilv ising til Gerhard Haas].

Prosessualitet er ett av essayets viktigste kjennetegn, og har sammenheng med

essayets kritiske funksjon. Prosessualiteten består av ulike topoi, hvorav de viktigste

er: Å innskrive essayistens privatsituasjon i saken, vise hvorfor , hvordan og at han

skriver som part i saken. (Johannesen 1977, 131-32.)

Georg Johannesen er representativ for ein tendens i litteraturforskinga til å

praktisera eit utvida tekstbegrep; tekstar som tradisjonelt har blitt oppfatta som

jamne meddelingar, blir utforska som litterære eller retoriske ytringar. Dette gjeld ei

rekke arbeid, f. eks. om Garborg (Time 1975, 1980), om Vinje (Time 1982, Haarberg

1985), om Kiellands brev (Brøyn 1990), om den filosofiske essayistikken til Hellesnes

(Sletten 1982), osv., og tendensen gjer seg ikkje minst gjeldande i

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!