23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

PARADOKS I HOLBERG-ESSAYET 199

fremst om paradoks som er unyttige i kraft av ikkje å gi innsikt, dvs. den type som

går under namnet "unyttige" paradoks. Og det er spelet på dei ulike tydingane og

tilsløringa av grensene mellom dei ulike spesifikke tydingane ordet kan ha, som

skaper rom for feilslutninga.

I andre del av teksten skaper nye feilslutningar grunnlag for dei merkelegaste

påstandar. Den generelle tanken om at fordommar og inngrodd vane held folk nede,

blir konkretisert i vurderinga av kjæledyrs nytte. Dyr som gir oss mat - som høns og

kyr - nøler me ikkje med å avliva og bruka som føde, medan dyr som det bare er

arbeid og bryderi med - som hund og katt - blir handsama som om dei var

menneske. Dette er noko forfattaren konstaterer og stiller seg kritisk til. Det som blir

gjort til hovudkriterium i vurderinga av dyrs nytte, er om dei gir føde. Slutninga som

blir lagt til grunn, kan stillast opp slik: (1) Ved å gi føde er dyr til nytte for menneska,

(2) menneska et ikkje kjæledyr, (3) kjæledyr er ikkje til nytte for menneska.

Resonnementet haltar ved samanblanding av affeksjonsverdi og "kjøtverdi",

nærmare bestemt ved at affeksjonsverdien til kjæledyr blir halden heilt utanfor. På

dette grunnlaget blir det mogleg å fremja den umoglege påstanden om at det bare er

gammal fordom ikkje å eta sine eigne kjæledyr (viss det skulle vera behov for mat);

fordommen går ifølgje eit slikt resonnement nærmare bestemt ut på ikkje å sjå mat-

eller kjøtverdien til kjæledyr.

Subjektivitet, prosessualitet, komisk regresjon

Subjektet i teksten - den som taler - kjem til syne eller får eit andlet gjennom

feilslutninga. Subjektet har påfallande liten sans for kjæledyrs eigentlege eller

vesentlege nytte - å gi menneska selskap, hjelp og glede - men grev einsidig fram dei

negative sidene ved det å ha kjæledyr.

[…] hvad, som kand giøre en Skiødehund saa hellig, at den ikke maa underkastes

andre Creatures Skiebne, er vanskeligt at udfinde; thi dens Meriter bestaaer alleene

udi at skidne Folks Stuer, at besudle Matroners og Jomfruers Forklæder, at bieffe, saa

ofte en Stuedør aabnes, og i det øvrige at ligge paa en blød Pude under en Kakkelovn

(Ep 69, I, 297).

Argumentasjonen er så einsidig at den kan indikera idiosynkrasi mot hundar. Ikkje

nødvendigvis personen Ludvig Holbergs idiosykrasi; om det er hans personlege

oppfatning i saka som kjem til uttrykk her, skal eg ikkje ta stilling til. Det avgjerande

er ikkje om det subjektet som her uttaler seg, korresponderer med eit historisk

subjekt utanfor teksten, men at markeringa har ein funksjon i

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!