23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

198 KAP. 5.2

På den andre sida har teksten element som undergrev inntrykket av autoritet.

Dette kan ein gjera greie for på fleire nivå; generelt som ironi, meir sp esifikt som

overdriving eller feilslutning. Eg skal avgrensa meg til det siste: feilslutning.

Feilslutninga dreiar seg om at paradokset - den tilspissa påstanden, det

(tilsynelatande) sjølvmotseiande - kan tilbakeførast til ei tydingsutviding, eller

tydingsmanipulering, nærmare bestemt til kva ordet 'nytte' eller førestillinga om

nytte omfattar eller refererer til. Det siterte utdraget inneheld to påstandar; den

første om det nyttige paradoksets nytte, den andre om det unyttige paradoksets

nytte. Det nyttige paradokset er nyttig i kraft av at det inneheld opplysning og

sanning som kan frigjera menneska frå fordommar og inngrodd vane. Det unyttige

paradokset blir kalla unyttig fordi det manglar slik opplysning, men påstanden som

blir sett fram, er at det likevel er nyttig fordi det gir høve til kritisk refleksjon, til at

løgna blir gjennomskoda og sanninga ved det oppdaga.

Det er såleis tale om nytte med to ulike grunngjevingar. Ved at dei to

grunngjevingane blir brukte om kvarandre og skilnaden mellom dei tilslørt, etablerer

teksten eit tvetydig dreiepunkt i argumentasjonen; tvetydigheten gjer det mogleg å

fremja den umoglege påstanden om at unyttige paradoks er nyttige.

Denne tilsløringa dannar vidare grunnlag for ytterlegare to feilslutningar som

kvar for seg rår grunnen i første og andre del av teksten. Brevvennens innvending

mot paradoksa er i utgangspunktet at dei fører til forvirring. Apologien går ut på å

gjendriva denne innvendinga. Men gjendrivinga av innvendinga inneber også ei

omforming av den; innvendinga blir driven ut i ein ytterleggåande konsekvens og

gjort einstydande med avvising av alt som er nytt. Slik konkluderer første del av

teksten:

[…] naar du fraraader mig […] at frembringe nye og egne Meeninger, er det det

samme, som du vil sige: L a d e r o s b l i v e v e d v o r g a m l e

S l e n t r i a n : eller: L a d e r o s n ø y e s m e d a t g i s p e m e d v o r e

k i æ r e F o r f æ d r e , o g a l l e e n e o p k a a g e , h v a d d e f o r h e n

h a v e t a e l t o g s k r e v e t . (Ep 69, I, 295.)

"Syllogismen" som ligg til grunn for denne konklusjonen, kan formulerast slik: (1)

paradoks gir ny innsikt, (2) brevvennen er motstandar av paradoks, (3) brevvennen

er motstandar av ny innsikt. Dei to premissane opererer med ulike tydingsomfang av

'paradoks' og ulike grunngjevingar for paradoksets nytte. I første premiss dreiar det

seg om paradoks som er nyttige i kraft av å gi innsikt, dvs. den type som går under

namnet "nyttige" paradoks. I andre premiss først og

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!