23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

PARADOKS I HOLBERG-ESSAYET 197

[…] giver den dog ofte Anleedning til at efterforske Ting, som ellers ikke kunde

letteligen rinde nogen udi Sinde.

Dette er den andre påstanden: det unyttige paradokset er - eller kan vera - nyttig. På

denne måten blir omtalen av paradokset sjølv eit paradoks; epistelen omtaler ikkje

bare det oppsiktsvekkande, men set også fram oppsiktsvekkande påstandar om det.

Her er eit dobbeltperspektiv i omtalen som viskar ut skiljet mellom omtale og bruk,

mellom teori og praksis.

Brevforma

Ep 69 er ein epistel. Dialogpartnarane i epistelen er bærarar av roller som kan knytast

til paradokset. Subjektet set fram "nye og egne Meeninger". Brevvennen rår subjektet

ifrå å halda fram med slikt. Subjektet svarer med å seia at viss det gjekk som

brevvennen ville, ville ein bli verande ved den gamle slendrian og blokkera for alle

framskritt. Brevvennen representerer vanleg oppfatning, forfattaren representerer

den sjølvmedvitne distanseringa frå vanleg opp fatning.

Brevforma kan i seg sjølv ikkje "bety" paradoks. Men forma gir rom for

figuren mot vanleg oppfatning, som på denne måten blir gjort tydeleg og får ettertrykk.

Brevforma kan i tillegg relaterast til paradokset på meir sofistikert vis. I

omtalen av brevet (ovanfor kap. 4) er ein av konklusjonane at i Holbergs bruk av

brevforma kan ikkje dei interne dialogpartnarane knytast til ein ekstern historisk

dialogsituasjon; dvs. at forma ikkje peiker ut i, men bøyer av overfor ein historisk

kontekst. Det som ser ut som brev og gir seg ut for å vera det, er ved nærmare

ettersyn bare ei iscenesetting av brevet. Også ein slik praksis har paradoksets

kontrastar innebygde; det som synest å vera noko, viser seg å vera noko ganske

anna, - stikk i strid med kva ein skulle tru. Her dreiar det seg ikkje om namngjeving,

forkynning og tydeleggjering av paradokset, men heller om ei - gradvis og

stillteiande - overrasking av lesaren.

Kontroll og feilslutning

Teksten gir inntrykk av at subjektet har kontroll over både resonnement og

utgreiing. Innvendingane som blir reiste - brevvennens fråråding mot "nye og egne

Meeninger", og påstandane om at dyrkinga av paradoks bare er uttrykk for hovmot -

blir tilbakeviste på myndig og sjølvsikkert vis. Dette markerer styrke; det som kan

synast vanskeleg å forsvara, blir turnert med sikker hand.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!