23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

192 KAP. 5.1

dei tvetydige dreiepunkta nokså opplagte. Men ein kan tenka seg at dei er meir

skjulte. Jo mindre transparent simuleringa er, jo meir skyv den ansvaret for

refleksjonen over på dialogpartnaren, lesaren. Og i dei tilfelle der det blir umogleg

for lesaren å avgjera om tekstens refleksjon er simulert eller ikkje, - ja, då sit han med

eit problem i fanget.

Konklusjon

Det har vore nødvendig å gjera fyldig greie for paradokset som retorisk begrep både

fordi det blir brukt så forskjellig og ikkje minst fordi det gir høve til å vidareføra

problematiseringa av figurbegrepet frå kap. 3 ovanfor. Denne vidareføringa går via

spørsmålet om paradokset er ein retorisk figur og munnar ut i spørsmålet om

paradokset som tekstkategori.

Dei to drøftingane av paradokset som retorisk figur som eg her forsøker å dra

nytte av, kjem fram til omtrent same svaret. Både Jean-Claude Margolin og Heinrich

F. Plett understreker at når det kan vera vanskeleg å samanføya paradokset med

figur-begrepet i vår tid, heng dette primært saman med at figurbegrepet har blitt

innsnevra. Med litt varierande presisjon - Plett er vel mest klarttalande på dette

punktet - viser dei begge til renessansens figurbegrep og figurinventar som korrektiv

til denne innsnevringa. I dette ligg ikkje bare støtte til den kritikken Genette gir av

innsnevringa, men også ei gjentaking av sonderinga av grensa mellom innhald og

form, eller tanke og figur frå Cicero og Quintilian. Når Plett taler om paradokset som

figur, legg han eit generelt og inklusivt figur-begrep til grunn, omfattande også

tankefiguren. Tankefigur er ikkje innhald, ikkje uttrykk, men noko midtimellom: eit

merkbart grep i teksten, som kan uttrykka så mangt og som kan ha mange slags

uttrykk.

Som tekstkategori eller teksttype er paradokset vanskeleg å avgrensa pga.

samanblanding av spesifikke og generell kriterium. Når f.eks. topoi frå enkomiet blir

brukt som kjenneteikn, kan det gjera greie for at paradokset har enkomiets form ,

men ikkje at det dreiar seg om eit paradoks, dét er ein meir generell eigenskap ved

teksten. Min freistnad på å konkretisera slike generelle trekk nærmare, er å framheva

tre aspekt som er gjennomgåande. Det er framsyning, simulering, argument.

Eit spørsmål som har vore oppe fleire gongar til nå i avhandlinga, er: Inneber

ei orientering mot leik også ei lausriving frå ein spesifikk historisk kontekst? Ved

paradokset kan ein skilja mellom to former for utpeiking i kontekst: For det første

referanse til samtida, f. eks. samsvar mellom synspunkt i

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!