23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

PARADOKS SOM RETORISK BEGREP 191

valens eller transitivitet; "change" viser tilbake til både ei intransitiv og ei transitiv

tyding: å forandra seg (intransitiv), å skifta klede (transitiv).

Avslutningsvis, der det er tale om at " a Light Woman" er disponert for å falla,

er argumentasjonen tvetydig i kraft av at to metaforar - begge innehaldande "light" -

blir blanda saman.

Malloch understreker tvetydigheten som kjerna i paradokset, og vidare i

særleg to implikasjonar som dette har. Den eine er at argumentasjonen går i sirkel.

Ved logisk argumentasjon kan ein dra slutningar (dedusera) ut frå eit innleiiande

prinsipp: paradokset har ikkje noko første eller innleiande prinsipp. I staden ei rekke

tvetydigheter bunde saman i sirkel. Ein sirkel kan ikkje teleskoperast, ikkje eingong

forkortast utan at den opprinnelege heilskapen går tapt. Derfor blir parafrasen ein

avslørande test. Paradokset toler ikkje parafrase; det er ein verbal og ikkje ein

konseptuell argumentasjonsform. Oppsummering er umogleg; i staden for å

oppsummera sitt resonnement må paradoksisten derfor gjera noko anna, f. eks. gjera

ein digresjon, komma med ei brå oppfordring, eller ei orsaking for det ein har gjort,

osv.

Den andre implikasjonen er at paradokset har trekk frå dramaet ("It is well to

emphasize the dramatic nature of the paradox", Malloch 1956, 195); det kan sjåast

som "one part in a verbal drama" (195), dvs. det blir skrive for å bli tilbakevist. Det

eksisterer ikkje i seg sjølv, men først idet dialogpartnaren, dvs. lesaren, oppdagar det

og tilbakeviser det. Paradoksa har "a nature which is revealed in the act of meeting

(or, more accurately, resisting) them" (195). Dvs. at dei eksisterer som resultat av

lesarens respons på teksten.

Malloch ser paradokset som eit ureduserbart trekk ved teksten, og vidare som

eit utspel mot lesaren, dvs. det blir realisert først idet lesaren oppdagar det.

Paradokset utgjer på den måten eit tekstleg element som plasserer refleksjonen i

dialogen. Paradokset nyanserer eller gir tilskot til førestillinga om reflekterande prosa,

ein term som eg brukar tvers igjennom dette abeidet. Ein kan spørja: Kven er det som

reflekterer? Forfattaren? Ja, men på grunnlag av Malloch kan ein føya til: forfattaren

gjer ikkje heile jobben; han gir bare stemme til eine parten av ein dialog, som det er

dialogpartnaren, dvs. lesaren, si oppgåve å fullbyrda. Lesarens rolle blir bestemt av

paradokset, dvs. feilslutninga, rettare sagt i den rolla som lesaren blir tildelt: å sjå

eller avsløra feilslutninga. På denne måten blir ansvaret for refleksjonen skyvd over

på dialogpartnaren. Han eller ho realiserer teksten ved å stilla seg undersøkande til

tekstens påstandar.

Paradokset forstått som dialogisk element gjer det meiningsfullt å gradera

simuleringa som meir og mindre transparent. Hos Donne er feilslutningane eller

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!