23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

10 KAP. 1

Sjølv om Kroman er orientert mot innhaldet i filosofien til Holberg, og sjølv om han ser

tanken som overordna dei orda den blir uttrykt med, fører sjølve innfallsvinkelen hans -

jamføringa mellom diktar og tenkar - direkte mot ei problematisering av tankane som

blotte meddelingar.

På 1900-talet har det komme meir uttalte åtvaringar mot å ta Holbergs essay som

enkle og beine uttrykk for forfattarens tankar. Den fremste representanten for denne

åtvaringa er F. J. Billeskov Jansen. Også han stiller "Holbergs Tankeverden" i fokus, men

han legg samstundes vekt på litterære kjelder som ligg til grunn for kva uttrykk desse

tankane får. Nå kan ei slik besinning på teksten sjølvsagt ta ulike retningar, også ulike i

forhold til den kursen som Billeskov staka ut. Det dreiar seg ikkje bare om å finna ein meir

eller mindre kronglete omveg til kva forfattaren har meint. Først og sist er spørsmålet kva

vilkår for betydning som er rådande. Dette spørsmålet blir i nyare norsk litteraturforsking

aktualisert i aukande grad ikkje minst overfor tekstar som tradisjonelt har blitt plasserte

utanfor skjønnlitteraturen.

Georg Johannesen

I 1977 gav J. W. Cappelen Forlag ut eit lite utval frå Moralske Tanker under tittelen

Essays og i 1981 eit tilsvarande utval frå Epistler. Samlingane er redigerte av Kjell

Heggelund, og den første har eit omfattande etterord av Georg Johannesen, "Holberg

og essayet" (Johannesen 1977). Når han plasserer Holberg inn i ein europeisk essay -

tradisjon, og likeins når han stiller spørsmål om Holbergs aktualitet for vår tid, legg

Johannesen ein dobbel distinksjon til grunn. Den første er skiljet mellom det

informale og det formale essayet. I det informale essayet, dvs. i tradisjonen frå

Montaigne, speler forfattarens reflekterte og subjektive haldning til stoffet ei heilt

avgjerande rolle. Det legg "mindre vekt på emnet enn på personen som skildrer seg

selv indirekte via sine reaksjoner i forhold til emnet" (Johannesen 1977, 114). I det

formale essayet, i tradisjonen frå Bacon, er emnet meir framtredande enn essayisten

som person; denne presise kunstprosaen er både føresetnad og uttrykk for moderne

vitskap og filosofi. Johannesen synest å ha mest sans for det informale essayet, og det

er også i denne tradisjonen han plasserer Holberg. Den andre distinksjonen som

Johannesen legg til grunn, er skiljet - frå Bruno Berger - mellom (ekte) essay og

pseudoessay; glansfulle prosastykke er det mange av, seier Berger, ekte essay er som

sjeldne edelsteinar (Berger 1964, 169-70). Dette doble settet av inndelingar gjer det

mogleg å bestemma essayet, dvs. det eigentlege eller optimale essayet, som ein smal

kategori.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!