23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

188 KAP. 5.1

spissfindigheter står sentralt. Dermed er det ikkje sagt at han er heilt utan satire; men

satiren er på langt nær så framtredande som hos Erasmus.

Så kan ein spørja: Inneber denne orienteringa mot leik ei lausriving frå

historisk kontekst?

Her vil eg minna om ein nyanseskilnad mellom Pease og Burgess, som

ordlegg seg litt forskjellig når dei gjer greie for paradokset. Pease taler om det som er

opplagt uverdig ("obviously unworthy"), Burgess om oppdaginga av det låttlege

("detecting the ridiculous"). Skilnaden går mellom det som er opplagt og det som er å

oppdaga, mellom det transparente og det opake. Markeringa av det

låttlege/ uverdige kan vera ettertrykkeleg, i form av tydeleg overdriving, skrikande

mangelfulle proporsjonar, osv. På denne måten blir dobbelheten i teksten så

openberr at den i realiteten blir svekka; tekstens to nivå blir ikkje sett i spel mot

kvarandre og skaper ikkje spenning eller retardasjon; det eine nivået er bare ein tynn

og gjennomsiktig ferniss over det andre. På den andre sida kan det

låttlege/ urimelege vera meir skjult og djupare nedfelt i teksten; den tilgjorte

haldninga er då ikkje noko lesaren oppdagar straks, m en først etter kvart, noko han

kjem fram til som resultat av ein prosess, viss han i det heile tatt oppdagar den.

To lesingar av Donne illustrerer dette. Den første av Ulrich Broich (Broich

1967), den andre av A. E. Malloch (Malloch 1956).

Ulrich Broich skil mellom religiøst og formelt paradoks (Broich 1967, 235). Det

siste refererer til det som her er omtalt som tradisjonen etter Lando/ Munday. Broich

understreker tilknytinga til skoleretorikken, der dugande utøvarar føretrekte

paradokse tema fordi desse gav store utfordringar. Han peiker vidare på tre

kjenneteikn: (1) Teksten inneheld teser som er i strid med vanleg opp fatning, (2) den

har ein retorisk struktur, med i det minste ein tilsynelatande logisk og rasjonell

provføring, (3) men tesene kan ikkje takast på alvor, og kan ikkje identifiserast med

forfattarens meiningar. Broich nyttar dikt frå den såkalla "libertinistiske fasen" i

forfattarskapen som eksempel. Den libertinistiske haldninga som her kjem til

uttrykk, framstår som resultat av ei logisk slutningsrekke. Men desse konklusjonane

kan ikkje lesast som tekstens bodskapar; premissane for slutningane er openberrt

galne, og det er såleis ikkje tesene, heller ikkje syllogismene som skal takast på alvor,

men parodieringa av syllogistisk logikk.

A.E. Malloch utforskar i ein artikkel frå 1956 teknikk og funksjon ved

paradokset i renessansen. Eit grunnleggande trekk ved forma er at den er svikefull

eller villeiande ("appearances will be belied", Malloch 1956, 192). Det er

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!