23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

186 KAP. 5.1

Sjølvkommentaren i både tittel og forord forkynner såleis eit innslag av simulering.

Argumenta er ikkje mine, seier forfattaren, dei er heller ingen andre sine. Denne

lausrivinga frå historie og kontekst er også ei fokusering av argumentet og

argumentasjonen. Det teksten handlar om, er kva som er mogleg å argumenter a for,

kva som er moglege argument i ei sak, kor langt det er mogleg å føra

argumentasjonen, for argumentasjonens eiga skuld ("for argumentes sake"). På

denne måten illustrerer Lando/ Munday argumentet som eit sentralt element i

paradokset.

Historisk og systematisk inndeling

Dei tre verka som her er blitt kort omtalte, ser E. N. S. Thompson (Thompson 1926)

som representantar for tre forskjellige stadium på den "livets veg" som paradoks-

sjangeren går. Cicero representerer første stadium i kraft av at han på alvor

argumenterer for det synet i eit spørsmål som har minst tilslutning. I andre fase av

denne utviklinga blir paradoksa bare delvis tatt på alvor og får i tillegg komikk og

ironi knytt til seg. Slik er det i Dårskapens lovtale, "possibly the earliest paradox of this

kind". "Here satire and humor combine". (Thompson 1926, 95.) Tredje stadium kallar

Thompson det "when seriousness entirely disappeared, and the author pursued his

fantastic argument simply to display intellectual adroitness" (96-97). "Possibly

Ortensio Lando gave the greatest impetus to the paradox in this form" (97).

Nå kan ein reisa spørsmål om den historiske utviklinga verkeleg er så enkel

som inndelinga til Thompson gir inntrykk av. Inntar ikkje Cicero ein leikande og

spøkefull positur når han forsvarer dei stoiske paradoksa? Er det ikkje med ei slik

innstilling også Aristoteles nærmar seg sofistiske gjendrivingar? Ja, er ikkje ei

leikande haldning den einaste moglege for den som vil utforska grensene for

fornuftig argumentasjon?

Det ein i alle fall kan slå fast, er at antikken var sjølvmedviten om simuleringa

som sentralt aspekt ved teksten. Marcus Cornelius Fronto blir rekna som ein

annanrangs forfattar frå keisartida; han er vel best kjend som lærar for keisar Marcu s

Aurelius. Fronto understreker eit element av tilgjersle ved paradoks enkomium,

nærmare bestemt innanfor rammene av tre generelle krav: Det første er å gi hugnad

("to please"). Det andre er at emnet "[…] must everywhere be treated as if it were an

important and splendid one, and trifling things must be likened and compared to

great ones". Det tredje - og viktigaste - er "an attitude of seriousness". Fronto legg til

eit fjerde krav, som kan sjåast som ei

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!