23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

PARADOKS SOM RETORISK BEGREP 183

stoler meir på eiga fornuft enn på kva folk flest måtte meina. "[…] though anyone

who likes is at liberty to laugh at me, yet with me true reason will carry more weight

than the opinion of the common herd […]" (Paradoxa stoicorum 8).

Det er såleis to kommentar-utsegner som viser tilbake til eitt og same eg og

som refererer til éin og same paradokse påstand. Relasjonane mellom kommentar -

utsegnene og den paradokse påstanden kan med forenkla formuleringar stillast opp

slik:

U2: For moro skuld skal eg prøva å visa

U1: noko som er vanskeleg og som er i strid med det folk flest meiner:

U0: Materielle gode er eit vonde

Dette gjer tydeleg at det ikkje bare er den konkrete paradokse påstanden som blir

sett i fokus, men også - eller vel så mye - at noko er vanskeleg og at prosjektet blir

iverksett på spøkefullt vis.

Her er ein spesiell tekst-modus: gjennom sjølvkommentar, gjennom

eksplisitering av paradokset og markering av subjektet, forskyv teksten referansen

frå sak til subjekt, og frå det omtalte til sjølve omtalen. Vel så mye som å gjera dei

stoiske læresetningane til innhald , gjer teksten seg sjølv til innhald. Her er eit

epideiktisk element.

Erasmus

Forordet til Dårskapens lovtale har form av epistel, retta til den engelske vennen

Thomas More, som boka også er tileigna. Her gir forfattaren dessutan eit effektivt

signalement av boka, som kan samanfattast i tre punkt.

For det første: simulering. Boka inneheld tankar som er utanom det vanlege,

seier Erasmus. Den er underhaldande ved "å behandle det rene lapperi slik at det

slett ikke ser ut som om det dreier seg om en bagatell (Erasmus 1981, 23). Den er

spøk med ei kjerne av alvor, presentert på ein slik måte at ein litt smart lesar har meir

utbytte av denne morskapen enn han ville hatt av "mange lærdes strenge og

glimrende avhandlinger" (22).

For det andre: påkalling av klassikarane. Erasmus listar opp namn frå den

tradisjonen som han plasserer sitt eige verk inn i.

For mange hundre år siden laget Homer sin spøk om "Kampen mellem frosk og mus";

Vergil skrev historien om "Myggen" og "Salaten", Ovid fortellingen om "Nøtten". Så

har jo Polykrates, strengt refset av Isokrates, lovprist Busiris, Glauco

"Urettferdigheten". Har ikke også Favorinus rost Thersites og "Fjerdedagsfeberen",

Synesius "Skalletheten" og Lukian "Fluen" og "Snyltegjesten"? Husk hvordan Seneca

har hånet keiser Claudius' "apotheose", husk Plutarks samtaler mellem

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!