23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

182 KAP. 5.1

f. eks. påstanden om at alle feil er like store. Det er ein tvetydighet som lurer oss her,

seier Cicero, og illustrerer sitt poeng ved hjelp av ei samanlikning med u stemte

strengeinstrument. At fleire strengeinstrument kan vera ute for den ulykke det er å

vera ustemte, inneber ikkje at dei er ustemte i same grad. Cicero gjennommskodar på

denne måten ei feilslutning eller eit tvetydig dreiepunkt i argumentasjonen hos

stoikarane og realiserer såleis ei lesarrolle som er knytt til paradokset som teksttype.

I det verket som heiter Paradoxa stoicorum inntar Cicero ei anna haldning, han

prøver ut ein del stoiske paradoks. Verket er eit forsvar for eit knippe

oppsiktsvekkande etiske læresetningar - at dygda er det einaste gode og det einaste

som kan gjera ein lykkeleg, at alle gode handlingar er like fortenstefulle og alle

dårlege handlingar like foraktelege, osv.

I forordet samanliknar Cicero seg med Cato som talar. Medan han sjølv

(Cicero) vanlegvis tar utgangspunkt i filosofien, som inneheld læresetningar som

ikkje bryt med vanleg tenkemåte og som borgar for oratorisk flyt, held Cato på den

andre sida fram meiningar som på ingen måte samsvarer med det folk flest vil

akseptera, samstundes som han legg lite vekt på talepynt. Ut frå devisen at ingenting

er så utruleg at ikkje talekunsten kan gjera det akseptabelt, ingenting så grovt at det

ikkje kan bli forfina, inntar Cicero ei rolle som er annleis enn den vanlege. Han vil

vera meir dristig enn Cato og - for moro skuld - forsøka å presentera i vanleg språk

dei læresetningane som stoikarane sjølv har problem med å forsvara på sin eigen

filosof-teolekt. Cicero omtaler altså læresetningane som paradokse, og markerer at

dette er eit forsøk på å overføra filosofiens logiske demonstrasjon over til det han

kallar "this oratorical style of discourse that is my own" (Paradoxa stoicorum 5). Han

markerer likeeins at dette forsøket er meint som spøk eller leik. På den andre sida

hevdar han at stoisismen tiltaler han, noko som kunne tilseia at han tar den på alvor:

"the doctrines […] appear to me to be in the highest degree Socratic, and far and

away the truest" (Paradoxa stoicorum 4). Desse tekstane skal altså ikkje reknast som

alvorleg eller seriøst filosofisk arbeid, bare underhaldande populariseringar, i eit

vanleg språk, med populære argument, illustrerte med historiske eksempel, med

allusjonar til samtida, i eit par tilfelle også med tydeleg samtidspolemikk.

Paradoks I har som overskrift "That only what is morally noble is good". Her

blir ei alminneleg oppfatning imøtegått med eit oppsiktsvekkande standpunkt:

Materielle gode kan ikkje reknast som gode, for dei som har mye, manglar også mye;

appetitten aukar etter kor mye ein har, og d en velståande fryktar i tillegg å tapa sin

eigedom. Eit gode kan såleis vera eit vonde for nokon, i alle fall når det dreiar seg om

ting. I tillegg markerer forfattaren seg som ein som

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!