23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

PARADOKS SOM RETORISK BEGREP 181

Hvis nogen her i teateret undrer sig over vores hvepsetaljer og brodde, skal jeg gerne

forklare: Vi er de sidste, der er tilbage af de gode gamle atheniensere. Fra dengang der

var soldater til. Det var os, der klarede ærterne, da fjenden kom med bål og brand og

ville ryge os af reden. Skulder ved skulder for vi på dem med lanse og skjold, og vi

bed læberne til blods af vrede. Himlen var skjult af deres pile, men hen mod aften

havde vi sejret. Og guderne var med os, for lige før slaget var der en ugle, der

flaksede hen langs vore rækker. Vi forfulgte fjenderne. Vi stangede tunfisk gennem

deres pludderbukser, og hvis nogen slap væk, var det med kinden punkteret og et

flækket øjenbryn. Den dag i dag siger barbarerne, at ingen er bedre til at slås end en

hveps fra Athen. (Aristofanes Hvepsene 1077-91.)

Stanley Pease samanliknar det paradokse enkomiet med essayet; essayet ligg

nært det paradokse enkomiet "i ånd", seier han, i kraft av sin karakter av spel og leik

(Pease 1926, 34; jfr. også Gummere 1921, 157 med note 13).

Enkomiet kan altså avgrensast presist ved hjelp av sine topoi. Dette kriteriet

vil også skilja det paradokse enkomiet frå andre paradokse former. Men det vil ikkje

kunna skilja mellom alvorleg og tilgjort bruk av enkomiet. Skal ein gjera eit slikt

skilje, gjer ein bruk av kriterium som ikkje avgrensar enkelte former, men som peiker

ut i eit mangfald av former.

Framsyning, simulering, argumentasjon

For ei nærmare innkretsing av paradokset som tekstkategori kjem i det følgjande

korte omtaler av tre sentrale verk i denne tradisjonen, Paradoxa stoicorum av Cicero,

Dårskapens lovtale av Erasmus og The Defence of Contraries av Anthony Munday som

er ei omsetting av Paradossi av Ortensio Lando. Omtalen av kvart verk aktualiserer

eitt aspekt ved paradokset som tekstkategori; i tur og orden dreiar det seg om

framsyning, simulering og argumentasjon. Dermed er det ikkje sagt at det enkelte

verket inneheld bare dette eine aspektet. Tilordninga er gjort slik dels for å illustrera

dei ulike aspekta og dels for å gi grunnlag for ei påfølgjande historisk og systematisk

inndeling.

Cicero

Cicero omtaler stoikarane fleire stader i forfattarskapen. I Pro Murena (61-66)

låttleggjer han dei i ein ironisk tenkt dialog der stoisismen blir framstilt som steil og

umenneskeleg. I De Finibus (IV, xxvii, 74-78) har kritikken mot det "stoikerne kalder

paradoxa, hvad vi andre kunne kalde forbløffende påstande!" ("Haec paravdoxa illi; nos

admirabilia dicamus") fått alvorlege forteikn. Kritikken er her retta mot dei absolutte

motsetnadene og dei absolutte fordringane i stoisismen,

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!