23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

180 KAP. 5.1

ungdommen - anatrofé - som gir tilkjenne personlege karaktertrekk, f. eks. lyst til

lærdom. Og så vidare 4 .

Det andre kriteriet peiker ut eigenskapar som ikkje finst eksklusivt i det

paradokse enkomiet. Derfor må dette kriteriet nødvendigvis omfatta eit stort tilfang

av tekstar og teksttypar, der det paradokse enkomiet bare utgjer éi gruppe. Her er

nokre eksempel på korleis faglitteraturen peiker på likskapstrekk mellom det

paradokse enkomiet og andre former.

Henry Knight Miller samanliknar det paradokse enkomiet med apologien.

Apologien har strategisk og retorisk eit anna siktemål og den manglar topoi frå

enkomiet. Likskapen mellom formene er "the unwortiness of the subject matter". Det

er også likskap mellom det paradokse enkomiet og burlesken, forstått som "the use

or imitation of serious matter or manner, made amusing by the creation of an

incongruity between style and subject"- dette er eit sitat frå R. P. Bond - og likeins

mellom det paradokse enkomiet og skjemtande heltedikt ("mock-heroic", dvs. "a

generic term for the elevation of a trifling subject in a higher style"). Det som er felles

for desse ulike spesifikke formene, er "the elevation of the insignificant" og ein

komikk som spring ut av dette manglande samsvaret (Miller 1956, 167).

Theodore Burgess finn element frå lovtalen igjen i komedien. Det dreiar seg

om likskap på to nivå. For det første eit generelt slektskap: komedien er eit paradoks

"in its very foundation". "The typical plan of a comedy of Aristophanes has been thus

outlined: 'The protagonist undertakes in all apparent seriousness to give a local

habitation and a body to some ingenious, airy speculation or bold metaphor' "

(Burgess 1902, 162). For det andre inneheld komedien fragment av det paradokse

enkomiet. Burgess brukar Aristofanes' Hvepsene - nærmare bestemt sekvensen 548-

630 - som eksempel. Her er det bl.a. ein burlesk lovtale over dommaren og dei

frynsegodene embetet hans gir; han er omsverma av notabilitetar som bukkar og

skrapar for han og som gir bestikkelser. "Hvis en fløjtespiller vinder en sag, er det

skik at han kvitterer med et passende akkompagnement, mens vi forlader lokalet

[…]. Når folkeforsamlingen sender os en sag, er der altid et forslag med om at vi skal

holde fri resten af dagen, når vi har dømt" (Aristofanes Hvepsene 578-600). Stykket

inneheld også parodi på lovtale over Athen og athenarar.

4 Aptonius laga eit utbrodert system av hovudtopoi med undergrupper, jfr. Burgess 1902, 120;

Burgess samanfattar den personlege lovtalen i åtte hovudtopoi, jfr. Burgess 1902, 122-27; Aristoteles

ramsar i fleng opp slike topoi i Retorik I.V.4 og utdjuper dei i det følgjande. Perikles' gravtale gir

eksempel på bruk av slike topoi, jfr. Thukydid, Peloponneserkrigen 2.35-46. Og Platons dialog Menexenos

gir eksempel på parodisk bruk av sjangeren, jfr. Lockwood 1996, 101-69.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!