23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

INNLEIING 9

både når han avviser og sjølv inntar ytterleggåande standp unkt. Ville det ikkje vore vel så

dekkande å hevda at Holberg er robust og resolutt anten han gjer det eine eller det andre?

Eit anna eksempel: Filosofihistorikaren Anathon Aall ser Holberg som

grunnleggar av ein individualistisk tradisjon i tvillingrika. Aall taler om

individualismen i to tydingar, dels som verdinorm, noko me ikkje skal gå inn på her,

og dels som "beskrivende teori", ein teori som tar utgangspunkt i "den

kjendsgjerning, at faktisk utfolder sjælslivet sig alt efter den indre rytme i den

enkelte personlighet". Dette finn Aall hos Holberg. "Han iagttar bl.a. mangen

individuel fagte i det som gaar og gjælder for objektiv visdom". Aall siterer bl.a.

MTkr I.82 som eksempel.

Nidkjærhet og iver skifter med legemets tilstand. Ti der findes mange som med

største iver deklamere mod feil og laster naar de er fastende, men efter maaltid have

aldeles intet at sige paa verden. […] (sit. etter Aall 1919, 84.)

Viss ein i forlenging av dette spør korleis slike observasjonar kjem til uttrykk hos Holberg,

så har Aall bare eitt svar: som "beskrivende teori", dvs. at forfattaren omtaler fenomenet.

Aall gjer m.a.o. bare greie for det som teksten uttrykkeleg seier. Såleis ser han heilt bort frå

at forfattaren også praktiserer det han omtaler, og på den måten skapar dissonans og

spenning i teksten. Den staden Aall siterer frå (MTkr I.82) inneheld ein kaskade av

ytterleggåande synspunkt; her er reformiveren så sterk at lesaren må spørja seg om ikkje

også den som fører ordet taler på fastande hjarta. Feltet for individualismen som

"beskrivende teori" kan såleis utvidast frå det teksten omtaler til det den gjer.

Eit tredje eksempel er Kr. Kromans omtale frå 1884, som er særleg interessant p.g.a.

si lange og vidløftige innleiing om skiljet mellom diktar og tenkar. Kroman hevdar som

utgangspunkt at det er ein mangel ved diktinga at fantasi og følelse i for høg grad får lov

til å dominera forstand og tanke. Men ein balanse kan gjenopprettast, seier han, ved at

innslaget av "Lyrik" blir minska.

Tag […] fra en saadan Digter […] et vist Kvantum Lyrik, og han vil blive overvejende

Intelligens. Hans Tanker vil være ham af forholdsvis større Betydning end deres

Iklædning; denne vil i højere Grad end sædvanlig hos Digteren kun være ham et

Middel til forskjellige Formaals Opnaaelse; det er til Dels kun af ydre Grunde, at man

vedblivende fortrinsvis kalder ham Digter; alt efter som det theoretiske eller det

praktiske Formaal træder mest i Forgrunden hos ham, vil man med større Ret kunne

kalde ham en Tænker eller en Reformater [sic]. Men saaledes udrustet, en saadan

Skikkelse var hos os Digteren eller rettere Reformatoren L u d v i g H o l b e r g .

(Kroman 1884, 126.)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!