23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

PARADOKS SOM RETORISK BEGREP 179

Brooks avsluttar lesinga av Donne med ein påstand om at teksten er

sjølvinkluderande; det den omtaler, omfattar også teksten sjølv. Brooks uttrykker det

rett nok ikkje akkurat på den måten; han seier: "The poem is an instance of th e

doctrine which it asserts; it is both the assertion and the realization of the assertion"

(Brooks 1986, 300). Denne påstanden om sjølvinklusjon blir nok litt nærmare utdjupa,

men blir i hovudsak ståande som postulat. Det er synd, kunne ein seia, for her yter

Brooks paradokset meir rettferd som retorisk term enn elles i artikkelen sin.

Paradokset som tekstkategori

Termen paradoks blir også brukt som kategori for teksttype eller sjanger. Også

denne tradisjonen går tilbake til antikken, og den gjer seg sterkt gjeldande i

renessansen og på 1600-talet, særleg i England. Det er vanskeleg å gi ei presis

avgrensing av paradokset som sjanger. Dette kan forklarast som ein dobbelhet ved

sjangeren; paradokset blir på den eine sida relatert til ei rekke spesifikke former:

enkomium, vituperatione, apologi, osv. Samstundes har det eit sett av meir generelle

karakteristiske trekk som ein kan finna igjen i ei rekke forskjellige former.

Denne dobbelheten skal eg gjera nærmare greie for med eksempel frå det

paradokse enkomiet, den kanskje mest brukte og best kjende av dei spesifikke

varantane av sjangeren. Først to definisjonar: Arthur Stanley Pease (som brukar ei

anna nemning: "adoxography") definerer det som ein type laudatio, "in which the

legitimate methods of the encomium are applied to persons or objects in themselves

obviously unworthy of praise, as beeing trivial, ugly, useless, ridiculous, dangerous,

or vicious" (Pease 1926, 28-29). Henry Knight Miller taler om "[…] a species of

rhetorical jest or display piece which involves the praise of unworthy, unexpected, or

trifling objects, such as the praise of lying and envy or of the gout or of pots and

pebbles" (Miller 1956, 145). I begge desse tilfella blir det brukt to sett av kriterium. (1)

Topoi frå enkomiet (2) blir brukt på spøk, som framsyning eller som eit upassande

språk.

Det første kriteriet - topoi frå enkomiet - dreiar seg om eit avgrensa sett av

innhaldsklisjéar, utvikla allereie i tidleg gresk retorikk: ei innleiing - prooimion - der

talaren innrømmer at han ikkje strekker til når han skal gjera greie for eit så stort

eller høgverdig emne; vidare - genos - om slekta til den lovpriste, og om byen eller

landet som slekta kjem ifrå; ei hending ved fødselen - genesis - som er verd å merka

seg som teikn på kva som skulle komma; situasjonar i

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!