23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

176 KAP. 5.1

paradokset framleis kan seiast å ligga innanfor grensene for retorikken, er heller

tvilsomt, seier Plett. (Plett 1992, 100-101.) På den måten gjer han paradokset til eit

spørsmål om retorikkens vesen. Når moderne retorikk-handbøker er vage og

upresise på dette punktet, kan dette vera teikn på at dei har tapt sansen for

retorikkens vesen.

Paradokset som stilprinsipp

Overrasking er ein viktig faktor i ornatuslæra. Derfor kan paradokset også oppfattast

som eit generelt prinsipp ved ornatus. Aristoteles nyttar paradoks-begrepet også i ei

slik tyding (Aristoteles Retorik III.xi.6). Burgess taler (delvis på grunnlag av denne

staden hos Aristoteles) om paradokset som ein generell tendens i bruken av språket,

som går ut på å vinna gehør gjennom overrasking (Burgess 1902, 158). Og sett under

eitt kan ein seia at deviasjonsteorien i figurlæra er prega av same tanke; språket blir

slåande eller frapperande i den grad det avvik frå det vanlege. Dette er ein tanke som

står sterkt hos Lausberg, f. eks. i definisjonane av tropar og figurar (Lausberg 1960

§ 552 og § 600).

Her søker eg eit meir spesifikt begrep paradoks. Eg spør ikkje etter eit generelt

stilprinsipp, men etter ei spesifikk eller spesifiserbar tekstleg figurering. Derfor er det

viktig det som Heinrich F. Plett gjer, når han skil mellom paradokset som stilmaner

og paradokset som figur (Plett 1992, 90-91). Termen paradoksisme blir brukt som

begrep for ein frapperande stil. Pierre Fontanier gir følgjande definisjon.

Le Paradoxisme, qui revient à ce qu'on appelle communément Alliance de mots, est

un artifice de langage par lequel des idées et des mots, ordinairement opposés et

contradictoires entre eux, se trouvent rapprochés et combinés de manière que, tout en

semblant se combattre et s'exclure récip roquement, ils frappent l'intelligence par le

plus étonnant accord, et produisent le sens le plus vrai, comme le plus profond et le

plus énergique (Fontanier 1968, 137).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!