23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

PARADOKS SOM RETORISK BEGREP 175

(At tilføyinga her blir omtalt som forstørring eller forminsking, dreiar seg neppe om

omfang, heller om effekt, altså at saka blir gjort meir eller mindre betydningsfull, på

ein overraskande måte.)

Som belegg for påstanden om at paradokset er figur også i renessansen viser

Plett til to avhandlingar, av Henry Peacham og George Puttenham, som inneheld dei

mest omfattande og mest nyanserte figurlærer frå denne tida. Peacham 3 forklarer

paradoks som eit uttrykk for undring hos talaren, brukt om det som er nytt,

overraskande og uventa. Det er ein generell kategori, eit allment begrep, utan

nærmare spesifikasjon når det gjeld konkretisering eller iverksetting. På tilsvarande

vis dreiar det seg også i poetikken til Puttenham om ein figur for undring,

forbløffing, og ikkje for sjølvmotseiing eller kontraritet.

Fellesnemnar for paradokset i antikken og renessansen er at det blir plassert i

nærleiken av eller i bås med figurar for tilgjort tvil eller tilgjort kommunikasjon, og

vidare at det styrer mot å overraska mottakaren med sitt uventa innhald. Det fiktive

ved simuleringa går ut på å vekka forventningar som i neste omgang ikkje blir

innfridde. Såleis er paradokset eit framandgjeringsgrep; det forstyrrer

kommunikasjonen. Korleis paradokset skal iverksettast, blir bare vagt antyda.

Renessanseretorikkane har også kategoriar for logiske motsetnader, særleg to:

synoikeiosis og oxymoron. Desse ligg nær dagens oppfatningar av paradoks; innanfor

renessansens horisont er dei derimot ikkje å rekna som paradoks. Men begge kan så

absolutt tena til å bringa fram verknaden av paradoks, seier Plett. Dei er bare nokre av

mange moglege realiseringar av paradokset som tankefigur. (Plett 1992, 100.)

Plett poengterer tre karakteristiske trekk: Paradokset er kategori for ein

verknadsdynamikk - det var det første. Det er kategori for ein simuleringsfiksjon -

det var det andre. Endeleg er det ein generell og allmenn kategori, open for ulike

språklege realiseringar. Derfor må det ikkje forvekslast med retoriske figurar for

motsetnader på eit meir konkret nivå (synoikeiosis, oxymoron, antitese, ironi,

antonymi) eller med dristige metaforar. Kvar av desse har sin plass i eit system av

stilkategoriar.

Obgleich kein rhetorischer Traktat der Antike und der Renaissance zwischen ihnen

und dem Paradoxon eine explizite Beziehung herstellt, ist die Möglichkeit denkbar,

sie zur Erzeugung rhetorischer Paradoxa zu instrumentalisieren. (Plett 1992, 102.)

Først ein tidsalder som tapte av syne at retorikk er vitskap om overtaling, kunne

snevra paradokset inn til logisk figur. Og om ei slik innsnevrande fortolking av

3 Plett refererer til utgåva frå 1593 som har vesentlege endringar i forhold til førsteutgåva frå

1577. Sjølv har eg bare hatt tilgang til førsteutgåva.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!