23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

174 KAP. 5.1

det manifesterer seg som grep som styrer mot å setta mottakaren i spenning. (Plett

1992, 92.)

For det andre: Paradokset er tale som går imot gjengs oppfatning, dvs. at det

skaper behov for overtydingsstrategiar som rystar etablerte oppfatningar. Slike

overtydingsstrategiar utgjer i sum ein inversjonsretorikk. (Plett 1992, 92.)

Dette utdjuper Plett nærmare, i relasjon til både inventio og elocutio. Det han

seier om inventio (Plett 1992, 93-97), inneheld såvidt eg kan sjå lite nytt i forhold til

det som eg har skrive om argumentasjonsstrategi ovanfor. Det han derimot seier om

elocutio (Plett 1992, 98-101), gir moment til avklaring av paradoksets figurlege status

og må derfor omtalast noko nærmare.

Som i renessanseretorikkane generelt, så også i elocutio-avsnitta spesielt: heller

ikkje her inntar paradoks-termen nokon framtredande plass. Paradokset får som

regel rang av tankefigur, men i mange tilfelle er termen neglisjert. Definisjonane er

ofte så vage at ein kan få inntrykk av at det meir dreiar seg om eit stilprinsipp enn

ein stilfgur. Likevel dreiar det seg om ein stilfigur som har forankring hos Quintilian

og Rufinianus. (Plett 1992, 98.)

Eg vil sitera dei stadene hos Quintilian og Rufinianus som Plett viser til.

Quintilian nemner fleire tankefigurar som dreiar seg om utspel mot

tilhøyraren; f. eks. at talaren gir uttrykk for forvirring og rådløyse (communicatio,

Quintilian Inst. Orat. IX.ii.19-22). Ein variant av dette er å stilla spørsmål som held

mottakarane i spenning. Denne figuren kallar Quintilian suspension. Og viss svaret på

dei spørsmåla talaren held publikum i spenning med, bryt med dei forventningane

som spørsmålet impliserer, taler Quintilian om paradoks.

Sometimes […] we may add something unexpected, a device which is itself a figure, as

Cicero does in the Verrines: "What then? What think you? Perhaps you expect to hear

of some theft or plunder." Then, after keeping the minds of the judges in suspe nse for

a considerable time, he adds something much worse. This figure is termed suspension

[…] It has two forms. For we may adopt exactly the opposite procedure to that just

mentioned, and after raising expectation of a sequel of the most serious nature, we

may drop to something which is of a trivial character, and may even imply no offence

at all. [… S]ome have given it the name of paradox or surprise. (Quintilian Inst. Orat.

IX.ii.22-24.)

Rufinianus omtaler paradokset slik:

Παράδοξον eller ύπομονή, utsettelse eller overraskelse. Denne figuren holder sansene

oppe [dvs. "in suspense" på engelsk], deretter føyer den noe til den, enten noe større

eller noe mindre, i strid med det tilhøreren venter seg, og derfor kalles den uthold ning

eller overraskelse. (Sit. etter Plett 1992, 92 note 8, omsett frå latin av Tormod Eide.)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!