23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

PARADOKS SOM RETORISK BEGREP 173

Hos Heinrich F. Plett (1992) finn ein synspunkt og observasjonar som i mangt og mye

er samanfallande med dei ein finn hos Margolin. Også Plett er kritisk overfor

moderne retorikk-handbøker som han finn upresise i beskrivinga av paradokset.

Også Plett peiker på at kategorien gjennomgåande er fråverande som term i

faglitteraturen. Også Plett ser paradokset i hovudsak som ein pragmatisk kategori.

Til skilnad frå Margolin gjer ikkje Plett noko forsøk på å bestemma paradokset på

grunnlag av formelle kriterium. Og til skilnad frå Margolin er han etter mitt syn

sikrare i sitt grep når han gjer greie for paradokset som figur. Dette skal eg gjera

nærmare greie for i det følgjande.

Plett hevdar at den moderne faglitteraturen er skuffande lite presis når den

nøyer seg med å definera paradokset som formulering eller tanke som ved første

augekast synest ulogisk, men som ved nærmare ettersyn viser seg å innehalda ei

djupare sanning. Han gir mange eksempel, og i tillegg ein samanfattande

karakteristikk av denne horisonten.

Das Paradoxon ist ein Denk- und Sprachmodus, der sich in logischen Widersprüchen

manifestiert. Diese Widersprüche sind Scheinwidersprüche; denn sie verhüllen

verborgene Wahrheiten. Ihre Enthüllung löst im Rezipienten psychische und

kognitive Reaktionen aus. Auffällig ist das Plötzliche und geradezu Schockartige

solcher Erkenntnisvorgänge. (Plett 1992, 90.)

Denne manglande presisjonen i faglitteraturen forklarer Plett med atrofi- eller

forfallstanken. Han ser moderne retorikk som svekka og forvitra i forhold til

tradisjonen, og det er renessansen han bruker som korrektiv.

I renessansen er det ei eineståande bløming i retorikken. Men paradokset som

kategori speler ei påfallande ring rolle. Termen (eller ekvivalerande termar) er anten

utelukka eller bare marginalt plassert i handbøkene, noko som kan botna i at

begrepet ikkje så lett lar seg innlemma i ein systematisk struktur, eller det kan henga

saman med at termen også blir definert som "logisk figur" og i kraft av det orienterer

seg mot nabodisiplinen dialektikk. Ikkje desto mindre hevdar Plett at paradokset

speler ei rolle i renessansen, ei rolle som i større grad samsvarer med retorikkens

vesen enn dei logisk-ontologiske bestemmingane frå det 19. og det 20. hundreåret.

Denne rolla lar seg ikkje teikna heilt klart, men ved nærmare undersøking kjem eit

par felles kjennemerke for dagen som konstituerer paradokset som retorisk kategori.

For det første er paradokset primært ein verknadskategori, bare i andre rekke

ein strukturkategori. Som pragmatisk kategori har det røtter i antikken, der

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!