23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

172 KAP. 5.1

som motseier alminneleg meining (Margolin 1988, 9). Oxymoron er altså bare éin av

mange variantar av paradokset.

Den grenselinja som her blir trekt opp, samsvarer med det skiljet som blei

gjort ovanfor mellom motsetnader ibuande ein tekst og motsetnader mellom teksten

og det samfunnet som den er omgitt av. På denne bakgrunn blir det også tydeleg kva

retning Margolin styrer mot i drøftinga si: Det er ikkje mogleg å definera paradokset

på grunnlag av formelle kriterium; ein påstand er ikkje i seg sjølv paradoks, bare i

kraft av omgjevande situasjon. Det dreiar seg såleis om ein eksklusivt pragmatisk

kategori, eit instrument i ei dialogisk eller dialektisk tankerørsle.

Eit slikt dynamisk aspekt etterlyser Margolin i moderne definisjonar av

paradokset. Som korrektiv til desse trekker han inn renessansehumanismen, der

paradokset blir brukt som øving i verbal virtuositet og som instrument for eit

dynamisk medvit og der det står til teneste for både retorikken og dialektikken, eller

i skjæringspunktet mellom desse. Paradokset kan ikkje oppfattast som figur bare i

retorikken (Margolin 1988, 14).

Margolin problematiserer også figur-begrepet. I utgangspunktet spør han

også her etter formelle kriterium. Men samstundes kjenner han seg tiltrekt av Gérard

Genettes ord om at figuren ikkje er noko anna enn "kjensla av ein figur".

Figuren er altså ikkje noko anna enn kjensla av ein figur. Figurens eksistens er heilt

avhengig av det medvitet lesaren har - eller ikkje har - om den tvitydige karakteren i

den diskursen ein presenterer han for. (Genette 1966, 216; 1991, 179.)

Genette understreker mangel på klarhet eller objektiv strenghet i reglane for figuren i

den retoriske tradisjon. Margolin aksepterer deviasjons-forklaringa frå klassisk

retorikk - oppfatninga av figuren som tale som er annleis enn det som er enkelt og

daglegdags. Han ser problema, han ser aporien (figur er avvik, avvik er normalt), og

han ser at ei slik forklaring ikkje er logisk. Desse manglane gjer det til gjengjeld

mogleg å plassera visse figurar mellom retorikk og dialektikk, mellom språk og

filosofi, mellom det subjektive og det objektive, t.o.m. mellom det medvitne og det

umedvitne (Margolin 1988, 8).

Margolin spør etter eit figurbegrep etablert på grunnlag av formelle kriterium,

men blir tiltrekt av figuren forklart bare som ei vag kjensle. I den grad paradokset er

figur, ligg den i grenselandet mellom figur og form på den eine sida og tanke og

funksjon på den andre sida.

Plett

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!