23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

PARADOKS SOM RETORISK BEGREP 171

(1) Under inventio er det namn på ein argumentasjonsstrategi, (2) under elocutio namn

på ein type språkpynt. Handsaminga til Hyde er brei og på sett og vis grundig, med

mange tilvisingar. Derfor har den også blitt eit referansepunkt i seinare drøftingar av

spørsmålet. Men utgreiinga er dessverre også utydeleg og utan tilstrekkeleg

nyansering på viktige punkt. F. eks. skil ikkje Hyde tilstrekkeleg mellom kategoriar

som tankefigur, talefigur og oxymoron, og generelt er det lite av problematiserande

drøftingar i utgreiinga.

Margolin

Jean-Claude Margolin spør om paradokset er ein retorisk figur, på linje med figurar

som katakrese, hyperbaton, hypotypose, apostrofe, alliterasjon, samanlikning,

metonymi eller oxymoron (Margolin 1988, 6), nærmare bestemt om det eksisterer

eller ikkje eksisterer formelle og objektive kriterium som gjer det mogleg å skilja

paradokset som verbal og logisk-verbal struktur frå totaliteten av påstandar som

ikkje er paradoks (Margolin 1988, 7). Spørsmålet blir stilt på bakgrunn av at

paradokset bare i liten grad har gjort seg gjeldande som retorisk term; begrepet står

sentralt i Retorikken til Aristoteles, men etter det er det nærmast fråverande i

retoriske avhandlingar. Margolin viser til ein serie av stader der begrepet glimrar

med sitt fråver.

Han spør etter formelle kritierium og plasserer seg medvite i ein bestemt

vitskapshistorisk kontekst ved å jamføra si eiga undersøking med utvidinga av

bruksområdet til moderne lingvistikk, frå å vera avgrensa til syntaks og semantikk til

også å omfatta stilistikk. Målet for ei slik utviding er for Margolin å gjera stilistikken

mindre smaksorientert og subjektiv, og meir vitskapleg.

Han viser til eit moderne fransk oppslagsverk, Henri Mourier [sic],

Dictionnaire de poétique et de Rhétorique som gir definisjonar av paradoks, oxymoron

og paradoksisme. Av desse er det bare oxymoron-definisjonen - "une sorte

d'antithèse dans laquelle on rapproche deux termes contradictoires, l'un paraissant

exclure logiquement l'autre" (Margolin 1988, 8) - som kan seiast å stetta dei formelle

krav som Margolin stiller til figur. Men oxymoron-kategorien er på den andre sida

alt for snever til å kunna representera paradokset generelt. Viss det er nødvendig å

appellera til oxymoron for definisjon av paradokset, blir det også nødvendig å skilja

mellom - på den eine sida - verbaluttrykk som inneheld to delar som vanlegvis

utelukkar kvarandre, men som vanleg røyndom og erfaring bringar nærmare

kvarandre gjennom ein aksept som ikkje er logisk, og - på den andre sida - påstandar

der det er heile det uttrykte semantiske innhaldet

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!