23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

170 KAP. 5.1

Ved feilslutning kan argumentasjonen tilbakeførast til påstandar som går på

tvers av gjengs oppfatning i kraft av at dei er tvetydige eller logisk bristande. Frå

tilfelle til tilfelle vil dette vera meir og mindre markert. I den eine enden av skalaen

finn ein etablerte klisjéar eller eit koda språk, i den andre enden finn ein

sjølvmotseiingar som er godt skjulte eller som kanskje ikkje eingong er intenderte. Ei

ytterlegare avgrensing av feilslutninga er å reservera kategorien for framstillingar

der resonnementet har ein framtredande plass, nærmare bestemt framstillingar som

skaper forventning om haldbare slutningar og haldbar argumentasjon. Feilslutninga

skuffar slike forventningar, meir og mindre tydeleg.

Hos Aristoteles finn ein såleis to ulike begrep paradoks, eller i det m inste to

ulike aspekt ved paradokset: (1) kategori for relasjon mellom påstand i teksten og

den historiske konteksten denne påstanden og denne teksten står i, (2) kategori for

motsetnader som er ibuande teksten.

I forlenging av det andre punktet melder eit spørsmål seg: Er paradokset ein

retorisk figur?

Spørsmålet er innvikla. Det gir grunn til å spørja: Kva er det me spør om når

me spør om paradokset er ein retorisk figur? Det gir også grunn til å spørja: Kva er

ein figur?

Drøftinga av figur-begrepet hos Genette (ovanfor kap. 3) tok sikte på å visa

korleis begrepet der blir forklart på grunnlag av fleire ulike register. Når ein stiller

spørsmål om paradokset er figur, bør ein trekka med seg ei slik problematisering av

figur-begrepet. Spørsmålet blir då: Kva slags oppfatning av figur-begrepet kan ein

eventuelt relatera paradokset til?

I det følgjande trekker eg inn synspunkt frå tre artiklar som alle forsøker å

gjera greie for paradokset som retorisk figur. Dei reiser spørsmålet i ulike

modi.Michael J. Hyde er konstaterande og slår allereie i overskrifta fast at paradokset

er ein retorisk figur ("Paradox: The Evolution of a Figure of Rhetoric", Hyde 1979,

201), Jean-Claude Margolin er spørjande, noko ein også i dette tilfellet kan sjå av

overskrifta ("Le paradoxe est-il une figure de rhétorique?", Margolin 1988, 5).

Heinrich F. Plett har som sentral påstand at paradokset er ein retorisk figur (Plett

1992, 98).

Hyde

Hyde er tidleg ute med å sjå paradoksbegrepet i eit retorikk-historisk perspektiv.

Han relaterer begrepet til utviklinga av tidleg gresk filosofi, til forholdet mellom

filosofi og retorikk, og ikkje minst til to ulike føremål innanfor retorikken:

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!