23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

8 KAP. 1

og utviding av dei opprinnelege, ulike - til dels stikk motsette - syn blir presenterte.

Her er altså ei rekke forhold som gir rom for indre motsetnader, slik at det blir

vanskeleg å sjå verket som uttrykk for ei samanhengande lærebygning.

Måten samlinga er blitt til på, vitnar om at teksten er polert, at utforminga

speler ei rolle for kva betydning teksten er berar av. Utan vidare å tilskriva personen

Michel Eyquem de Montaigne dei meiningar som kjem til uttrykk i Les Essais og sjå

verket som direkte uttrykk for éin horisont, inneber å sjå bort frå forma som

betydningsberande. Den tvilen som det her er tale om, melder seg når det er uklart

om teksten er bare meddelande eller også framsynande.

Eit par andre eksempel: Heraklit og Platon blir rekna som filosofar, og

filosofihistorikarane gjer ofte greie for deira tankar som eit slutta teoretisk system.

Men les ein tekstane deira, blir biletet annleis. Heraklit uttrykte seg i ei fragmentert

og sentensprega form, med påstandar som stod i kontradiktorisk forhold til

kvarandre. Tekstane er gnomer, noko som ikkje er uvanleg i føraristotelisk filosofi,

men ifølgje filosofihistorikaren Karsten Friis Johansen er det ingen som har utnytta

dette som Heraklit; "han kæmper for at få sproget til at udtrykke det nye, han har på

hjerte" (Johansen 1994, 47); han viser, beviser ikkje, han antyder meir enn det som

blir eksplisitt påstått; han fekk tilnamnet "den dunkle", og ein kan legga til: den

poengterte, den symbolske. Tilsvarande hos Platon: hos han finn ein ikkje sanninga

formulert nokon stad, seier Johs. Sløk, "[…] fordi den [sanninga] kun kan leve i

spørgsmål og svar", dvs. i dialogen. "At læse Platon vil sige at træde ind i denne

lange dialog, der hverken begynder eller ender noget bestemt sted, men forløber,

simpelt hen, og ifølge sin natur aldrig kan afsluttes eller opsummeres". (Sløk 1992,

39.)

Tilbake til Holberg: Sjølv innanfor den delen av Holberg-litteraturen som stort sett

overser formmessige faktorar, kan ein støyta på passasjar som reflekterer det

problematiske ved å sjå hans filosofi som ei samanhengande lærebygning. Eg skal kort

kommentera tre slike tilfelle. Først Just Bing som peiker på at Holberg ikkje bare meddeler

sitt syn, men i tillegg også vil underhalda sin lesar.

[…] om han [Holberg] end forsigtig tager Afstand fra yderliggaaende Standpunkter,

interesserer det ham dog, at hans Meninger er paradokse, eller at de staar i Strid med

den almindelige Opinion" (Bing 1905, 690).

Det er ikkje bare ei dobbel målsetting, men også ein motsetnad Bing her gjer greie for. Det

han seier er at Holberg tar avstand frå ytterleggåan de standpunkt samstundes som han

inntar slike standpunkt sjølv. Men forsøker ikkje Bing å tona ned motsetnaden ved måten

han formulerer seg på; gir han ikkje inntrykk av at forfattaren er moderat

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!