23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

PARADOKS SOM RETORISK BEGREP 169

bruk av ord eller uttrykk som har eller kan ha fleire tydingar i ein gitt samanheng.

Aristoteles brukar bl.a. dette eksemplet.

'Evils are good, for what must exist is good, and evil must exist'. Here 'must exist' is

used in two senses; it means 'what is necessary', which is often true of evils (for some

evil is necessary), and we also say that good things 'must exist'. (Aristoteles On

Sophistical Refutations IV, 165 b.)

Når det gjeld feilslutningar som botnar i logiske feil, skal eg nøya meg med å trekka

fram tre slag. For det første forveksling av tilfeldige og vesentlege eigenskapar

('Korikus er forskjellig frå Sokrates; Sokrates er eit menneske; derfor er Korikos ikkje

eit menneske', Aristoteles On Sophistical Refutations V, 166 b, eksemplet er forenkla av

Friis-Johansen 1994, 393). For det andre forveksling av absolutt og relativ

bestemming; "[…] it is not the same thing 'to be something' and 'to be' absolutely"

(Aristoteles On Sophistical Refutations V, 167 a). For det tredje ombytting av ledda i

ein såkalla implikasjon eller følgjesetning, dvs. ei setning av typen 'viss …, så …', f.

eks. 'viss det regnar, blir jorda våt'. Implikasjon kan delast i antesedens og

konsekvens. Ombytting av antesedens og konsekvens gir feilslutningar, f. eks. 'viss

jorda er våt, har det regna' (On Sophistical Refutations V, 167 b).

Denne systematikken har hatt stor utbreiing, ikkje minst i renessansen. Den

har f. eks. ein markert plass i eit knippe engelsksp råklege retorikkar som Søster

Miriam Joseph meiner er representative for den logisk-grammatisk-retoriske

tradisjonen som Shakespeare var omgitt av og som ho også finn tydelege spor av i

hans litterære produksjon (Joseph 1947, særleg 190-203 og 365-374).

Er paradokset ein retorisk figur?

Paradokset kan altså tilbakeførast til to stader hos Aristoteles, til omtalen av

maksime med epilog og til omtalen av feilslutningar.

Under omtalen av maksimen er det eit avgjerande spørsmål om påstanden

bryt med eller er i samsvar med vanleg oppfatning. Spørsmålet dreiar seg om

forholdet mellom påstanden i maksimen og den historiske konteksten denne

påstanden står i. "Gårsdagens paradoks er morgondagens fordommar", heiter det.

Det er ei slik oppfatning av paradokset bl.a. Brandes opererer med i sin omtale av

Holberg (ovanfor kap. 2.1).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!