23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

168 KAP. 5.1

debattanten å trena seg i å bruka dei. Aristoteles grunngir denne aktiviteten i

ytterlegare tre punkt. For det første: ettersom feilslutningar blir språkleg iverksette,

vil arbeid med dei styrka kjensla for språklege nyansar. For det andre er dei til hjelp

når det gjeld å sortera mellom dei tankane som melder seg under debatten; den som

blir forført av andres feilslutningar, vil sannsynlegvis også vera tilbøyeleg til å begå

slike sjølv. For det tredje er det tillitvekkande, seier Aristoteles at debattanten i

tillegg til å hevda at motstandaren gjer feil i sin argu mentasjon, også kan gjera

nøyaktig greie for feilen, dvs. kor den er og kva den går ut på. (Aristoteles On

Sophistical Refutations XVI, 175 a.)

Kierkegaard kallar ein stad paradokset for tankens lidenskap.

Dette synes et Paradox. Dog skal man ikke tænke ilde om Paradoxet; thi Paradoxet er

Tankens Lidenskab, og den Tænker, som er uden Paradoxet, han er ligesom den

Elsker der er uden Lidenskab: en maadelig Patron. Men enhver Lidenskabs høieste

Potens er altid at ville sin egen Undergang, og saaledes er det ogsaa Forstandens

høieste Lidenskab at ville Anstødet, uagtet Anstødet paa en eller anden Maade maa

blive dens Undergang. Dette er da Tænkningens høieste Paradox, at ville opdage

Noget, den ikke selv kan tænke. (Kierkegaard 1977, 34.)

Slike refleksjonar passar også på dyrkinga av feilslutninga slik denne har gjort seg

gjeldande i øvingsretorikken. Her kan ein tala om ein tale- eller tekstproduksjon der

forfattar- og lesarrolle begge er dominerte av feilslutninga. Forfattaren prøver å

skjula den, lesaren prøver å oppdaga den. Slike øvingar i å sjå grensene for

overtaling, grensene mellom det som er verkeleg argumentasjon og det som bare er

skinargumentasjon, slike øvingar er retorikkens lidenskap. Det er ein aktivitet som

vil sin eigen undergang, nærmare bestemt ved å tøya desse grensene til det ytste. I

den grad retorikken er knytt til kampsituasjon og i den grad den har som overordna

mål å vinna kampen, er det fare for at den brukar alle middel for å nå målet, også

feilslutningar. Men dette fører - før eller sidan - til at den tøyleslause bruken av

overtalingsknep blir oppdaga og avslørt. Retorikken er - når ein kjem dit - ikkje

lenger eit maktmiddel, brukt til effektiv kommunikasjon og effektiv overtaling, men

bare makteslaus og låttleg.

Aristoteles skil mellom to typar av feilslutningar, mellom dei som botnar i

språklege tvetydigheter og dei som botnar i logiske feil. Kvar av desse deler han inn i

ei rekke undergrupper, den første med seks kategoriar (Aristoteles On Sophistical

Refutations IV, 165 b), den andre med sju (Aristoteles On Sophistical Refutations IV, 166

b). Det er ikkje nødvendig å trekka fram alle punkta i desse listene her. Viktigast

blant feilslutningar som botnar i språklege tvetydigheter er

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!