23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

PARADOKS SOM RETORISK BEGREP 167

grad forsvaret får tilslutning frå tilhøyrarane - også imponerande, storarta,

meisterleg.

Argument baserte på feilslutningar

Systematiseringa av vitskaplege nivå og argumentasjonsformer omfattar hos

Aristoteles også argument baserte på feilslutningar. Desse gjer han greie for i

avhandlinga om sofistisk argumentasjon, Sofistiske gjendrivingar, som blir rekna som

eit tillegg til Topikken, avhandlinga om dialektikk. I motsetnad til andre slutnings- og

argumentasjonsformer representerer feilslutningar ikkje ei verkeleg, bare ei

tilsynelatande fornuft. Det dreiar seg om drilske, lunefulle, stridslystne argument

("contentious arguments") "which reason or seem to reason from opinions which

appear to be, but are not really, generally accepted" (Aristoteles On Sophistical

Refutations II, 165 b). Målet for ordstriden der denne type argument blir brukte, er å

avvisa motstandaren, eller å peika på feil i argumentasjonen hans, eller å få han til å

setta fram paradokse påstandar, solipsismar eller reint babbel (Aristoteles On

Sophistical Refutations III, 165 b).

Her er det særleg tre forhold som bør presiserast. For det første ser Aristoteles

paradokset som fellesnemnar for feilslutningar eller sofistiske gjendrivingar. For eit

utrent blikk, seier han, kan det verka som om dei generelle oppfatningar som

sofistisk argumentasjon er tufta på, har allmenn tilslutning. Men ved nærm are

undersøking ser ein at allmenn tilslutning ikkje er mogleg å oppnå.

Argumentasjonen kviler på paradokse meiningar.

For det andre er feilslutninga noko som er eller blir forsøkt skjult, ved

simulering. Sofistisk argumentasjon gir eit tilforlateleg inntrykk, og det er bare ved å

gjennomskoda tilgjersla, at feilslutninga blir oppdaga. Nokre av dei er lette å

gjennomskoda, andre kan føra ikkje bare den truskuldige, men også den mest

utkropne debattant bak lyset, seier E. P. Gold i innleiinga til Loeb-utgåva (Aristoteles

On Sophistical Refutations, 7).

For det tredje: Når den uerfarne blir lurt til å tru at simulert argumentasjon er

ekte, ser han tinga på for stor avstand (Aristoteles On Sophistical Refutations I, 164 b),

dvs. utan tilstrekkeleg nyansering. Bare den som har inngåande erfaring og praktisk

røynsle med sofistisk argumentasjon, kan vera i stand til å oppdaga den og raskt ta

stilling til den når den dukkar opp i ein debatt. "To take an argument and see and

disentangle the fault in it is not the same thing as to be able to meet it promptly when

one is asked a question" (Aristoteles On Sophistical Refutations XVI, 175 a). Derfor er

det nødvendig for

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!