23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

164 KAP. 5.1

svar som er sikre og presise, ein kan bare ha håp om å finna sanningar som er grovt

tilskorne. (Aristoteles Etikk I.iii.1-4.)

I sjuande bok av Den Nikomakiske etikk drøftar Aristoteles karakterstyrke og

karakterveikskap. Dette er ikkje haldningar på linje med dygd og last, seier han, men

dei er heller ikkje artsforskjellige frå dygd og last. I forlenging av dette gir han nokre

generelle retningslinjer for etisk refleksjon.

Nei, man må her, som i andre saker, gå ut fra de ting som klart foreligger, og etter at

man først har drøftet problemene, bevise, aller helst, alle almene oppfatninger om

disse tilstander eller, hvis det ikke er mulig, de fleste og de viktigste. For hvis både

vanskelighetene blir løst og de almene oppfatninger står tilbake, er vel saken

tilstrekkelig bevist. (Aristoteles Etikk VII.i.5.)

Her er eit program for analyse av etiske spørsmål (1-4): (1) først å samla alle moglege

synspunkt som gjer seg gjeldande i det aktuelle spørsmålet; (2) deretter å velja ut dei

viktigaste, dvs. dei som får tilslutning frå folk flest, dei som står høgt i kurs: endoxa;

(3) så kritisk undersøking av endoxa, der ein ser etter indre sjølvmotseiingar, vurderer

endoxa på grunnlag av både fornuftskriterium og fakta eller kjennsgjerningar i saka;

på dette grunnlaget etablerer ein ei korrekt etisk lære; (4) siste trinn dreiar seg om å

prøva ut endoxa mot den sanninga som undersøkinga (i punkt 3) har etablert. Og

denne konklusjonen er viktig; det er bra og ønskeleg at det er samsvar mellom endoxa

og den sanninga undersøkinga kjem fram til, og det er utoleleg at det er konflikt

mellom desse to i etiske spørsmål. Det er ein gjennomgåande tanke hos Aristoteles at

folk har sans for sanning, og at sanninga derfor vil nedfella seg i det kollektive

medvitet, i form av sentensar, ordspråk o.l. Derfor vil den som har blikk for det

alminneleg antatte, også ha blikk for sanninga. (Aristoteles Etikk I.viii.7; The

Nicomacean Ethics VII.i.5 med Rackhams note b, 376-77; Most 1994, 175-76.) Her er ei

tiltru til det folk flest trur, ei oppfatning av endoxa som magasin for menneskeleg

erfaring. På denne måten aksepterer Aristoteles endoxa som "aksiomatisk" grunnlag

for argumentasjon i praktiske vitskapar. Faren ved etikk og retorikk synest såleis

ikkje å vera at argumentasjonen støttar seg på det folk flest meiner, men heller at den

i enkelte tilfelle kan bryta med endoxa.

Argumentasjonsstrategi

Hos Aristoteles ser ein starten på ei utvikling der paradokset blir etablert som

retorisk term. Mest tydeleg skjer dette ved at begrepet inngår i ein typologi over

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!