23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

PARADOKS SOM RETORISK BEGREP 163

argumentasjon og ulike former for slutningar. Aristoteles skil mellom tre vitskaplege

nivå: "scientific demonstration […], dialectic or the art of discussion by question and

answer […], and rhetoric, the faculty of discovering the possible means of persuasion

in reference to any subject" (Kennedy 1963, 96). Vitskapleg demonstrasjon

argumenterer på grunnlag av aksiom, dvs. grunnsetningar som kan aksepterast utan

prov og som er sjølvinnlysande sanne. Slutningsforma er syllogistisk; ein syllogisme

inneheld to premissar og ein konklusjon, og alle tre påstandar er absolutte eller

kategoriske utsegner. Argumentasjonen gir bare plass for påstandar som ikkje

motseier kvarandre; dette er eit logisk prinsipp (non-kontradiksjonsprinsippet) som

seier: "It is impossible for the same attribute at once to belong and not to belong to

the same thing and in the same relation" (Aristoteles Metaphysics IV.iii.9; 1005 b).

Til dei praktiske vitskapar høyrer etikk, politikk og retorikk.

Argumentasjonsforma her er ikkje syllogistisk slik som i filosofien - den eigentlege

vitskapen - men dialektisk eller enthymemisk. Den er nærmare bestemt tufta på

meiningar som er sannsynlege eller som er representative for gjengs oppfatning, dvs.

det som folk flest trur (doxa). Dialektisk argumentasjon inneber at både premissar og

konklusjon kjem til uttrykk i slutningane; enthymemisk argumentasjon - som er

karakteristisk for retorikken - dreiar seg derimot om slutningar der éin eller begge

premissar er underforståtte.

Til desse tre vitskaplege nivå føyer Aristoteles eit fjerde, nemleg såkalla

drilske eller stridslystne argument. Desse er baserte på feilslutningar. Slike argument

og slike slutningar finn ein ifølgje Aristoteles hos sofistane; derfor kallar han dei

"sofistiske gjendrivingar". (Dette kjem eg tilbake til.)

Dei krav Aristoteles stiller til vitskapen, er ei nyutvikling i jamføring med

tidlegare gresk filosofi. I sine forsøk på å etablera ontologiske og epistemologiske

teoriar gir føraristotelisk filosofi rom for paradokset (i tydinga antinomi). Heraklit,

Parmenides, Zenon og Platon er innbyrdes forskjellige, men har som fellestrekk å sjå

einskap i det motsetnadsfylte, samanheng i det usamanhengande. Blant dei krav som

Aristoteles set til vitskap og filosofi, er det derimot ingen plass for paradoks (i

tydinga antinomi). (Hyde 1979, 202-207.)

Retorikk og dialektikk er funderte i doxa; i presisjon representerer dei såleis ei

lågare form for vitskap enn filosofi. Men i dette ligg ikkje ei nedvurdering. Om

presisjonen er mindre, er den likevel passande i forhold til sak og oppgåve. Det har

ikkje noko for seg å vera like nøyaktig i etiske spørsmål som i filosofiske, seier

Aristoteles. Kva som er godt og vondt eller rett og gale, blir oppfatta svært

forskjellig; i slike spørsmål er det ikkje mogleg å komma fram til

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!