23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

162 KAP. 5.1

ein i antikken om paradoksografi som ein litterær tradisjon. "Interest in the

marvellous and out-of-the-way, as such […] is prominent in the Odyssey, the histories

of Herodotus, Theopompos, and Ephorus, and other Greek writings.

Paradoxography came into existence, as a distinct literary genre, early in the

Alexandrian age, and continued to be practised for many centuries." (Oxford Classical

Dictionary.) Thomas Hägg nemner paradoksografien, dvs. fantastiske

reiseberetningar, som éin av fleire litterære føresetnader for den antikke romanen frå

keisartida, der den fantastiske reisa og utrulege hendingar er gjennomgåande motiv

(Hägg 1983, 117-8, jfr. også Kraft 1992, 248-9). Apuleius kan tena som eksempel; Det

gyldne esel inneheld eit knippe laust samanhengande historier. Det som er felles for

dei, er at dei er fantastiske og utrulege, at dei ligg til dels langt frå det sannsyn lege.

Teksten inneheld også nokre apologetiske refleksjonar om denne slags forteljingar:

Man handler dumt når fordommer får en til å tro alt det er løgn som man ikke før har

hørt eller sett og som går over ens forstand; undersøker du saken litt nærmere, merker

du snart at det ikke bare er innlysende at slikt har hendt, men at det også er naturlig

nok (Apuleius, Det gyldne esel 1.3).

Filosofi og retorikk

Innanfor filosofi blir ordet paradoks brukt som synonym til ordet antinomi, dvs. om

motstridande lover eller kontradiktoriske teoriar. Slike tankenøtter har gjerne namn

etter den som først har avgrensa eller "identifisert" dei (f. eks. "Cantors paradoks",

"Russels paradoks"), og dei blir vurderte som viktige for den vitskaplege utvikling

innanfor disiplinar som logikk, mengdelære, osv. På den måten står dei som namn

på utfordringar, triumfar og grenser for mennesketanken. Filosofiske paradoks av

denne typen skal eg ikkje gå nærmare inn på her. Men sjølv om eg primært rettar

søkelyset mot paradokset som retorisk kategori, er det nødvendig å sjå dette på

bakgrunn av filosofi, eller i lys av skiljet mellom filosofi og retorikk; det er ikkje

minst i dette perspektivet begrepet får konturar som retorisk kategori.

Aristoteles deler vitskapane inn i teoretiske og praktiske. Dei teoretiske har

som undersøkingsobjekt det som ikkje kan vera annleis, dvs. det som nødvendigvis

er slik som det er, dei praktiske handlar om det som kan vera annleis, dvs. om det

moglege. Til dei ulike typar vitskap høyrer ulike typar

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!