23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

INNLEIING 7

brot på heile lova. Tanken er så sær at det ikkje skulle vera nødvendig å tilbakevisa

den, seier han. Det som likevel gjer dette nødvendig, er at mange filosofar og

teologar forfektar eit slikt sært syn.

Det synes derfor ufornødent at igiendrive denne Lærdom vidtløftigere; og kunde man sige, at det

var aldeles Tidsspilde, hvis saa mange anseelige Philosophi med Iver ikke havde forfægtet den

samme, og hvis nogle Theologi af de Ord: Hvo som synder mod et Bud, synder mod dem alle, ikke

havde fingeret sig en Liighed udi Synder (MTkr I.104, 95).

Selmer oppfattar argumentasjonen hos Holberg som åtak på ortodoksi og pietisme i

samtida. Holberg går "skarpt i rette med" sine motstandarar, seier han, kritikken har

klar brodd mot dei og dei grupper og dei og dei synspunkt i den og den aktuelle

debatten (Selmer 1914, 87). Dette inneber ei eintydiggjering av teksten som ikkje tar

tilstrekkeleg omsyn til den retoriske tradisjonen som stykket inngår i, der stoiske

paradoks hørte til inventaret av øvingar i språkopplæringa.

Problem ved innhaldsorientert lesemåte

Viss ein les Holbergs reflekterande prosa slik f. eks. Høffding og Selmer gjer, vil ei

eller anna form for tvil før eller seinare melda seg. Dette er eit problem som ikkje er

spesielt for Holbergs reflekterande prosa, men som også gjeld alle slags tekstar som

ligg i randsona av det litterære feltet.

I ein introduksjon til Montaignes Les Essais seier Ebbe Spang-Hansen bl.a.

dette: "Montaignes tanker udgør ikke en veldefineret lære. Ovenstående

kommentarer kan godt risikere at have systematiseret hans synspunkter for meget

[…]" (Spang-Hansen 1993, 24). Dette er bare ein avluttande merknad som Spang-

Hansen tilføyer som eit atterhald; tanken blir ikkje utvikla vidare. Men dét at tvilen i

det heile tatt melder seg, opnar for spørsmål. Med kva rett kan ein transformera

Montaigne-tekstane til ei koherent tankeverd, samanfatta på systematisk vis? Går

ikkje forventninga om éi samanhengande tankeverd på tvers av sjølve teksten eller

tekstsamlinga? Er ikkje dét at tankane er systematiserte - dvs. gjort greie for som eit

system - eit uttrykk for at teksten er studert for lite?

Det er ei rekke forhold som kan tala imot å sjå på Les Essais som ei avrunda og

veldefinert lærebygning. Samlinga inneheld mange enkelttekstar, handlar om mange

emne, brukar eit mangfald av kjelder på varierande vis, den er skriven innanfor eit

stort tidsrom, med tilføyingar i form av både nye tekstar

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!