23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

158 KAP. 4.3

martyr. Dette er tydeleg hos Georg Brandes (ovanfor kap. 2.1), og Viljam Olsvig skal

visstnok vera ytterleggåande i bruk av ein slik forklaringsmodell (Bruun 1895, 29 ff).

Chr. Bruun hevdar mot desse at Holberg stort sett har det godt i København; ikkje

blir han plaga av sensur, han lever under gode økonomiske kår, og kan for ein god

del gjera det han har mest lyst til. Han sluttar å skriva komedie, ikkje fordi han blir

pressa til det av eit bakstreversk samfunn, m en ganske enkelt fordi han ikkje har

meir å gi på det feltet.

I dette perspektivet bør ein også sjå bruken av brevet. Holberg dekker seg

ikkje av tvang, ikkje på grunn av sensur eller offentleg press, men av fri vilje. "Denne

Maade at udtrykke sig paa hører med til Holbergs Æsthetik" (Bruun 1895, 125).

Ifølgje denne estetikken kan brevet jamførast med ei godt gjennomført rolle eller ein

godt gjennomført komedie. Holberg innbiller lesaren at han skriv til ein mann "som

umuligt kan have været Alt det for Holberg og udrettet Alt det for ham, som han

fortæller om" (Bruun 1895, 127).

Brevets estetikk er simulering, seier Bruun, og i forlenging av det kan ein

spørja: Kva er det brevet simulerer? Det simulerer ein som skriv brev til ein venn.

Det avgjerande for denne estetikken er kor gjennomgripande simuleringa er. Bruun

karakteriserer den som godt gjennomført, men kva legg han så i ordet "godt"?

Meiner han ein gjennomført og heilskapleg illusjon? Nei, det kan han ikkje ha meint.

Det dreiar seg jo ifølgje han sjølv om å innbilla lesaren noko som er umogleg, nærmare

bestemt at denne adressaten umogleg kan ha betydd så mye for forfattaren som

levnetsbreva påstår. Slik eg forstår Bruun, er illusjonen godt gjennomført i kraft av at

den er brestande.

MTkr, Ep og levnetsbreva varierer innbyrdes i bruk av brevforma, men det som er

konstant, er den opplagt uvørdne bruken. Derfor blir forma synleg, og når den blir

synleg, fell den i augo "som et stykke Kleinkunst" (Cicero). Her er ei kjensle av figur,

av meining bortanfor orda.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!