23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

EPIDEIKTISK BRUK AV BREVET HOS HOLBERG 157

ren hans samvittighed er, og han aldrig maa brødefuld blegne

over de laster, man beskylder ham for. Det er mig ikke ubekendt, at skinnet ofte er

fordelagtigere end sandheden. Jeg mener at det, andre synes er mest nedværdigende

for en filosof, tvertimod er hans højeste ære; den, der ikke saa meget flygter for

nydelserne, som mandigt møder, bekæmper og betvinger dem, forekommer mig at

være den ypperste. (Epist III, 355-57)

Det som Holberg her gir uttrykk for, er at ein person ikkje kan dømmast utanfrå,

bare innanfrå, ikkje av andre, bare av seg sjølv. Denne erfaringa er ifølgje Kondrup

privat, og det er bare subjektet sjølv - dvs. protagonisten - som kjenner den

skikkeleg. Og så legg han til: "En sådan anskuelse er jo som skabt til den

autobiografiske genre" (Kondrup 1982, 136).

Mot dette meiner eg det er grunn til å spørja: Stiller denne passasjen i det heile

tatt eit individ i fokus? Innleiingsvis i den siterte sekvensen er det to setningar som

etter mitt syn indikerer ei avdrift i teksten.

Mine lyder ligger aabent for dagen

Men dyder kan ogsaa ligne lyder

Den første setninga refererer til forfattaren sjølv, eller i det minste til eit "jeg". Den

andre er ei generell reflekterande utsegn, før øvrig ei kjend vending hos Holberg:

qvid pro qvo (å forveksla noko med noko anna). Avdrifta går ut på at omtalen av noko

spesielt, personleg og historisk blir moderert ved ein generell refleksjon. Korleis skal

ein så lesa denne passasjen? Er det Holberg som person som kjem i fokus, eller er det

refleksjonen - at noko kan sjå ut som noko anna? Etter mitt syn går eg-omtalen, eg-

medddelinga, eg-analysen her i oppløysing. Basiskriteriet for sjølvbiografien -

identitet forfattar-forteljar-protagonist - ser ikkje ut til å passa. Protagonisten er ikkje

Holberg som historisk person, men det vidd (ingenium) som utgreiinga mobiliserer.

Konklusjon

I boka Om Ludvig Holbergs trende Epistler til en højfornem Herre omtaler Bruun

brevfiksjonen som "denne noget sygelige Side i Holbergs Karakter, at ville søge et

Dække" (Bruun 1895, 124). Holberg gjorde ikkje dette fordi det var problematisk å stå

fram med sine synspunkt i det offentlege rom. I eit større perspektiv kan ein sjå boka

til Bruun som reaksjon mot ein tendens som gjorde seg gjeldande på slutten av 1800-

talet, og som gjekk ut på å oppfatta Holberg som

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!