23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

6 KAP. 1

ulike spørsmål. Filosofen og filosofihistorikaren Harald Høffding reknar Holberg

som første danske filosof, og MTkr og Ep som hovudkjeldene til hans filosofi

(Høffding 1909, 8-9). Holberg drøftar fleire spesifikke spørsmål, seier Høffding, men

det som er hans eigentlege studium, er moralfilosofi forankra i opplysningstanken.

"[… D]en Hovedtanke, til hvilken der atter og atter vendes tilbage, er at der gives en

Moral, som er grundet paa Naturens Lys" (8). Høffding tar rett nok eit visst atterhald

når han nemner at det av og til kan vera vanskeleg å skilja mellom spøk og alvor (6),

at Holberg ikkje har utvikla sine tankar utførleg og konsekvent (15), at MTkr

innimellom kjem inn på mindre vitskaplege emne (8). Men i det store og heile speler

slike reservasjonar lita rolle, noko omtalen av paradokset viser til fulle.

Han yndede […] "paradoxe Meninger", hvormed han forstod saadanne, "som med gode Grunde

kuldkaste de Meninger, der have taget Borgerskab". Det var ikke Hang til Spidsfindighed eller til

Tankeleg, der ledede ham herved: Paradoxerne skulde have "Rimelighed", d.v.s. være virkeligt

begrundede, og det vare de, naar det var udvidet Erfaring, der førte til dem. Han saa, at naar man

stiller sig paa Erfaringens brede Grund, - naar man grunder sine Domme paa Erfaring, - kommer

man til at tvivle om Meget, der hidtil stod som selvfølgeligt. Det er intet Under, at man faar faste

Meninger, naar man holder sig til de givne Overleveringer og lader dem bestemme, hvad man

erfarer, og hvorledes man tyder det, man har erfaret. (Høffding 1909, 5.)

Denne parafrasen av paradokset kan nok samsvara godt med den beskrivinga

Holberg fleire stader sjølv gir. Men når Høffding oppfattar dette som forfattarens

skinbarlege meining, bl.a. ved å presisera at han ikkje ser nokon "Hang til

Spidsfindighed eller til Tankeleg" ved Holberg-paradokset, gir han eit for enkelt

bilete av saka.

I si avhandling om Holberg og religionen gir også Ludvig Selmer

essayistikken sentral plass som kjeldemateriale. I det store og heile les han den

enkelte teksten som meiningsytring i ein aktuell historisk debatt. MTkr I.104 kan tena

som eksempel. Først nokre ord om sjølve stykket. Teksten drøftar eit såkalla stoisk

paradoks. Karakteristisk for dei stoiske paradoksa - ein litterær tradisjon med

opphav i antikken - er at dei drøftar ytterleggåande standpunkt, standpunkt som skil

seg frå vanleg oppfatning. Holberg har sans for dei og tar dei opp til drøfting fleire

stader, bl.a. i MTkr II.1, som drøftar påstanden "Bare den vise er lykkeleg", eller i den

føreliggande MTkr I.104, der den ekstreme påstanden er at alle synder er like store.

Når stoiske paradoks har hatt tiltrekningskraft på dei lærde og gjort seg gjeldande i

tradisjonen, skuldest dette ikkje bare deira filosofiske innhald og det standpunkt dei

forfektar, men også ei interesse for argumentasjonen for dens eiga skuld. I MTkr I.104

er Holberg avvisande til den stoiske tanken om at alle synder er like store, at eit brot

på det minste bod er eit

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!