23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

EPIDEIKTISK BRUK AV BREVET HOS HOLBERG 149

Straks brevfiksjonen blir det minste utbrodert, er det fare på ferde. I Ep 189

framfører forfattaren eit av sine bravurnummer, nemleg kritikk av at folk køyrer

med hest og vogn i staden for å gå. Stykket trekker brevfiksjonen inn i sjølve

argumentasjonen: Kona til brevvennen deler ikkje forfattarens syn; etter hennar

oppfatning vil folk - og særleg "Fruentimmer" - føla seg innesperra i heimen viss dei

ikkje får høve til å bruka hest og vogn. Forfattaren refererer innleiingsvis til denne

innvendinga og presiserer sitt syn: "Jeg raader aldeeles ikke til Hæste og Vogns

Afskaffelse: Jeg raader alleene fra den idelige og daglige Brug […]" (Ep 198, III, 19). I

den nærmare utdjupinga av sitt syn, kjem forfattaren med ein sprelsk idé:

Jeg ønskede, at nogle fornemme Fruer eller Jomfruer vilde giøre en Begyndelse der

med, saa vilde andre strax giøre sig en Ære af at følge deres Exempel. Intet Exempel

kunde have bedre Virkning, end hans egen gode Frues, efterdi hun berømmes saavel

af hendes Forstand som anstændige Levemaade. Overtal hende først at trippe til Fods

igiennem en stakket Gade, for at vænne sine Fødder til Gade-Steenene, og for at

vænne andre til at see hende; siden igiennem en længere Gade, og endelig fra een

Bye-Ende til en anden, for at overbevise alle Vantroende, at Gade-Steenene ere ikke

saa haarde og vanskelige at betræde, som foregives […] (Ep 189, III, 20)

Satiren har brodd mot kona til brevvennen - og dermed også mot brevvennen sjølv.

Viddet og det poengterte uttrykket kjem i konflikt med og bryt ned førestillinga om

ei enkel og fortruleg meddeling. Brevet blir ironi.

Moralske Tanker

Brevforma blir ikkje ofte brukt i MTkr, men når det først skjer, er det vanlegvis på litt

utbrodert vis. Jfr. med Ep kan ein seia at forma her er eit sjeldnare, men meir robust

innslag. Som regel er det førestillinga om fortruleg meddeling som blir vekt til live,

men dette kjem i konflikt med tekstens vidd, med komikk, satire, paradoks, osv. I det

følgjande gjer eg kort greie for korleis denne motsetnaden artar seg i dei viktigaste

tilfella.

MTkr I.107 har eit tradisjonelt tema, "Streberen har Sukces, Dyden fryser" (jfr. MTkr

1943-utg., 511). Teksten presenterer to ulike haldningar til problemet. På den eine

sida filosofen som gjennomskodar allmugens dom, som ser gjennom maska, som

ikkje "confunderer Lyder med Dyder".

Dertil kand svares, at man ikke kand forlade sig paa Almuens Skiønsomhed, men paa

dens historiske Beretninger, og eftersee hvorpaa de grundes, hvoraf man selv

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!